lørdag 30. oktober 2010

Bæretøy-Meitai!

Som de som føl med på bloggen min veit, har vi hatt familieforøkelse-veldig stort å få oppleva enno ein gong! Denne gongen har vi fått ei virkelig kosejente-ho vil helst bærast heile tida,og byssast i søvn, og vaknar straks ho vert lagt ned.. Ikkje so lett å få gjort andre saker då, som å blogge, hekle, lese bøker eller vaske kler.. Det meste blir vanskeleg med, bokstavleg talt, hendene fulle-:)


No har mor gått til innkjøp av meitai-eit asiatisk bæretøy, der baby/barn kan kjenne varme fra den som bærer, bevegelser og kjent&trygg lukt.
Vesla har berre brukt den i to dagar-men det er tydeleg at dette liker ho!
Har funne fleire gode stader på nettet med oppskrift på å sy sin eigen meitai,her fra tettintill.no . Ellers har eg planar om å sy dekor ytterplagg i retrostoff, til den eg alt har! Mykje enklare å feste enn eg frykta er den og! På YouTube kan du finne fleire fine videoar over ulike bæremåtar til nyfødt, 3 mnd, 6 mnd og større barn :)




onsdag 27. oktober 2010

Sommardraumar!

Det bles kring hushjørnet på Krokeide i kveld, vi har fyrt i peisen for andre gong denne sesongen, mor tenner levande lys og far kvernar kaffebønner-det luktar herligt i heile huset! Kaffi er godt og skapar god stemning året rundt-og lukta av fersk kaffi får meg til å lengte til sommartorpet i Sverige..


Vi har hverken strøm eller innlagt vatn i sommerstova-so der lagar vi sterk og god kokekaffi på brønnvatn. Men innimellom vert lysten på is til kaffien for sterk og vi reiser inn til Vansbro og byens vesle Bakeri&Konditori. Her er nokre glimt frå i sommar!




Kafèdelen har eit overbygd uterom der vi nyt kaffi & is-uansett vær!
Og jammen smakar det med kaffi og is i peisvarme og hauststorm på Krokeide og :)