Eit lite glimt frå fjorårets Halloween-fest!
Inne hjå Marta Stewart er det mange "i siste liten tips"som ikkje kostar skjorta, eller tek frå ein nattesøvnen :)
Og her hjå oss i Bergen er det faktisk blitt ei lita høytid, sjølv om eg må innrømma at før vi fekk barn var det ikkje aktuelt å feire hverken Hallo Venn eller Halloween-fest her i huset :) Men når du no eingong har ein 5-åring som spør forventningsfullt kvar morgon: "Er det.. 10..9.. 6.. dagar igjen i dag ?!" Ja, då vert det laga til Hallo Venn fest for nokre små og store venner.
Med god inspirasjon fra Martha-sjekk ut sjølv på linken her!
Kos deg med lys i haustmørkret der du er, om du legg opp til feiring av hausten, Hallo Venn eller Halloween :)
Frå kanotur i nabolaget, ein opplett dag..
Koseligt å sitje ved pcen og leite litt etter gode ideer, sjå på sommerbildene, og reise innom andre bloggere undervegs.
God haustveke til deg som er innom her !
Denne genseren bringer med seg gode barndomsminner fra Pippifilmene(sjølv om eg rett nok var temmelig redd Pippi dei første gongane eg såg filmane, fordi ho gjorde so mykje rart, og dei voksne måtte bli sinte på henne)so no når eg fekk sjangsen synst eg det var 300 godt anvendte norske kroner :) Her finst strikkeoppskrifter, for den som heller vil lage sin eigen, men med ny jobb, baby og barn i barnehage og sfo, er eg glad for muligheten til å kjøpe ein ferdig :) Ser for meg at eg kjem til å krype ofte inn i denne utover hausten! God haust frå meg!
Hvis du ikkje har ein butikk nær deg kan du sjekke ut nettsida deira her; Søstrene Grene. eller besøke dei på Facebook https://www.facebook.com/#!/Grenes!




Etter å ha ignorert dei små gule nøsta i heile fjor sommar, oppdaga eg plutselig at dei kikker fram OVERALT i hagen i år... Hm. So no hadde eg valgets kvaler om eg skulle bestemme meg for å like dei, eller ta opp kampen...Synst jo eigentlig dei er koselige, iallefall når dei blir plukka av ei lita lubben barnehand,og gitt til mor :) 
