onsdag 31. desember 2008




Med desse vakre gamle postkorta vil eg ynskje dåke alle eit velsigna godt nytt år!!
Takk for det gamle!! Varm nyttårshelsing frå IngridMarie
Ps.Vintage-bilda lånt fra TIAS.com

tirsdag 23. desember 2008

Riktig god& velsigna julehøgtid ;)

No har julefreden senka seg over heimen.. Vi har alt hatt fleire koselig julebesøk og kost oss med spel,kinasjakk, god musikk, mandariner, nøtter, marsipan & god kaffi, ja alt som høyrer jula til.

No skal eg straks ut og dele opp pinnakjøtet.. Må innrømma at det er kun andre gongen eg ikkje kjøper ferdig oppskorne pinnar, ellers plar eg be butikken der eg kjøper kjøtet skjære det opp på kjøtmaskina si.. Men i år vart kjøtet, som er frå Gilde, kjøpt på ein annan butikk, der dei ikkje skar opp.. Hadde nær ombestemt meg, og køyrd til neste butikk, men huska på at vi klarte no å få skjært det opp då eg var student og lånte sag av husverten for å dela pinnane ; hehe, mykje artigt i studietida gitt :) No held gubben på å fikse bil til romjulstur, vi skal reise nord til Romsdal & svigers! Og eg skal fyre på peisen so ungane ikkje frys, og so skal eg ut i vedbua og skjære ev. sage kjøt :) Korleis plar andre løyse dette? For det er vel mange som kjøper heile sider?

Vi koser oss med julefilmar & musikk-og i kveld skal vi,tradisjonen tru, pynte treet! Med dette vesle innlegget ynskjer eg alle ei riktig god & velsigna julehøgtid ! Varm helsing IngridMarie

mandag 15. desember 2008

Såper,Gave & hyggelig helsing ;)

Fekk hyggelig post i dag og ;) Opptil fleire julekort, noko som fekk meg til å sette i gang med årets fotoark :) Berre nokre få utvalgte bilder frå året i eit worddokument, med ynskje om god jul og godt nytt år til alle.. Vi har også bestillt julekort frå Japan Foto,med bilder av dei to minste i familien-fekk melding i dag om at dei var ferdige og på veg i posten! -Kjekt å ha noko å kikke etter i poskassen! Er det ikkje rart med det-ellers i året går det i mail og mms osv, men i jula e det "ekte"varer som gjeld :)



Vakre såper frå Magny som driv sepebutikken Savona. Du kan besøke henne inne i krinkelkroken hennar; http://magnyslillekrinkelkrok.blogspot.com/ .- Ikkje berre er såpene fantastisk vakre å sjå på, dei luktar nydeligt & gjer godt for hendene også;) Takk, Magny, for hurtig levering-no er venindegavene redda!

Nydelig helsing frå Jill kom og i dag :) Inni den røde pakken ligg det ei nydelig strikka rose som eg var so heldig å vinne inne hos henne på denne hyggelige bloggen ; http://fyrarumochkok.blogg.se/, vakkert pynta lys, skjøn engel & hyggelig helsing fekk eg og:) Hjarteleg takk Jill!!
Kjenner meg reint barnlig spennt når eg ser i postkassen kvar dag eg no !! (At vi har arva ein postkasse som heng aldeles for høgt på stativet for meg med mine 158cm, slik at eg ikkje kan kikke oppi, men må strekke handa nedi og kjenne etter om der er noko, bidrar nok og til denne følelsen ;) Ler;Hihi.. Ynskjer deg også masse hyggeligt i postkassen fram mot jul! No må eg ta kvelden!

torsdag 11. desember 2008

Ungane pyntar snope-huset :)


Her har ungane pynta huset i kveld;) Stolte barn på 2 og 4 år har pynta, nesten heilt sjølv :) Eg har sett saman huset, laga melisglasuren og skaffa spiselig pynt.. Dei har smakt og kost seg undervegs! Trur dette e første gang eg har kjøpt seigemenn, men minsten har virkelig fått sansen for dei,so det blir nok ikkje den siste gongen dei havnar i lørdagens handlevogn... Om ikkje huset vart so styla og lekkert som dei mange flotte eg har sett innpå NIB, so er det iallefall heilt til å ete opp :)


Når en pepperkakebaker baker...pepperkake-hus!

Når ein, ikkje altfor rutinert, pepperkakebaker baker hus..

-Kan det vere lurt å ha Aloevera i ein eller annan form i nærleiken ;) Las jo at dette smelta sukkeret "bliver meget varmt, og der må utøves forsiktighet"...Men likefullt må jo desse husbitane limast saman, og då lyt ein jo nærme seg sukkeret! Fekk meg eit skikkelig brannsår på peikefingeren då skorsteinen skulle på.. So no er eg no brennmerka for ei tid framover :)
Men bortsett frå dette uhellet so var det slett ikkje ei umulig oppgåve- og eg vart faktisk barnlig stolt over resultatet :) Dette kan anbefalast som gøy både for liten og for litt større :) Skal vise bilder igjen når ungane og eg har pynta ferdig!

Sola skin inn på kjøkenet mitt i dag, vert reine eventyrlandet ute, so no skal både friskt og sykt barn få rusle ein liten tur ut i "rimfrostlandet" med mor. Ha ein strålande dag!!

mandag 8. desember 2008

Ein engel,eitt lite hjartesukk & hyggelig utmerking

Denne skytsengelen er til deg som kjenner at du treng ein!!


Blogginga i kveld gjev ei kjærkommen lita avkobling frå pass av syyyk veslegut med feber & vannkoppar. .Eg klagar ikkje altso, vil jo gjer alt for den litle prinsen, og det er jo han som virkelig lir her! Men kan ikkje hjelpa for at eg funderer litt her eg sit.. Er det ikkje rart med det; At sjølv om far rett nok og tar seg sjukeperm og skal være heime nokre dagar med den vesle, so er det mor som skal ut av huset og på jobb som 1. vaknar av barnegråt. 2. ser til guten. 3. skifter bleier, gir drikke, måler temp, gir paraset, trøster og bysser, smører kvitvask, skifter sengetøy osv..... I barnehagen vil dei ikkje at vi kjem med han før tidlegast mandag om ei veke, og då lyt koppane vera tørka inn..Skjønar dei godt, det er jo so smittsomt, og no nærmar jula seg...I morgon er det snille tante som stiller opp som barnvakt, slik at vi begge kjem oss på jobb:) Skulle avogtil hatt meg ein kloning som kunne gått på jobben for meg :)


Ei stor takk til dei hyggelige bloggdamene Henriette og Rosa!! Denne vakre utmerkinga fekk eg både frå Henriette i To hus tett i tett-og frå Rosa i Rosa Univers. Begge er bloggar du berre blir glad av å lese! Det er verdt å ta kikk innom hjå dei! Du kan besøke dei henholdsvis her : http://tohustettitett.blogspot.com/ og her http://rosaunivers.blogspot.com/ :)


Her er dei vakre orda som eg fekk saman med den vakre biletet i utmerkinga- Hjarteleg takk-det varmar!


-Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold! "Disse bloggerne er usedvanlig sjarmerende og søte,og formålet er å finne og å være venner. De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet,vil enda flere vennskap ha forplantet seg. Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere, som igjen må velge seg åtte nye. Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres.


Eg lovar å komma tilbake til kven som skal få ho vidare frå meg igjen-må kvile hovudet litt på puta før "nattevåket"startar.. Men vil iallefall starte med å gje den vidare til Jill inne på http://fyrarumochkok.blogg.se/-som ei hjarteleg takk for den nydelege strikka rosa eg vann hjå deg ! Og til Liv Elin i Husrom og hjerterom http://husromoghjerterom.blogspot.com/ for hennar mange vakre foto som eg gler meg over. Flotte jenter med herlige bloggar som er verdt eit besøk! Og der grine minstemann-eg lyt springa! God natt frå Ingrid Marie

søndag 7. desember 2008

Fana kyrkje, juleklipperier & sykt barn..


Endelig vart det helg og kvile.. Eller, eh, nei. Riktig so hektisk vart det plutselig.. Fredag endte barnehagedagen tidleg, med telefon på mammas jobb i ett-tida om at minsten hadde feber. Tidlig helg for begge barna og mor. Rolig start på helga, og kos med pepperkaker, mandariner og nøtter. Men fredag kveld dukka første "myggstikket" opp. Det var ikkje til å ta feil av; Vi har fått vannkoppane i hus. Godt med tanke på det at vi rekk å bli ferdige til jul, og med det at storejenta har hatt dei før.. So liten og ynkelig vesleguten er der han ligg og ynkar seg. Men dei lyt jo berre gjennom det. Kvitvask, smokk og saft i mengder gjer det litt betre i all elende.

Litleguten søv seg gjennom kløen..

Storesøster fekk være med mamma på familiegudsteneste i vakre Fana Kyrkje. Eit advents-"must"for meg.. So flinke dei er til å inkludere barna, og samtidig gjere det til ei høgtidsstund!

Vi var bedd på middag (med heimelaga kjøttkaker-Nam!)til gode vener i dag, heldigvis har deira barn hatt vannkoppane tidlegare, so vi kunne likevel dra. Der fekk veslebror leike med "nye leiker" og gløymte det vonde ei stund. Litt juleklipperi fekk vi og tid til. Kos med små og store rundt arbeidsbordet! :) Her kan du sjå dei enkle, men nostalgiske korgene vi skal putte godt oppi og henge på treet vesle julafta :)

mandag 1. desember 2008

Vakkert hjarta frå Søs :)


Har eg ikkje ei fantastisk snill og flink søster! Ho er i permisjon med yngstemann på snart 1 år, og dei har tre flotte store gutar på 5,6 &7 år. Ho styrer & steller i nybygd hus(!!)finn tid til å sy gardiner til barnerom, kopiere barnebilder over på lerret, male veggar og svisj tapetsere ein vegg her& skru opp eit Ikea veggskap der i ein fei :) og ellers innreie huset med vakre detaljer til å bli ein flott heim! Imponerande! I tillegg finn ho altso tid til å sy julehjarter, og heldige meg fekk dette vakre hjarta i gåve! Tusen takk!! Blomane på bildet fekk eg hjå gode vener som "kom på middag" sist veke. Nydelig bukett med kvite roser&fleire ulike blomar i lilla toner,passar perfekt i adventstida..

Adventstid i heimen:)

Stjerna viser vegen heim i vintermørkret!


Engler daler ned i skjul-noko eg trur dei gjer heile året-ikkje kun i adventstida :)



Vart so inspirert av Rosa http://rosaunivers.blogspot.com/ sitt innlegg om adventstida der i heimen, at eg tenkte eg ville fortelje litt om advent her i huset:) Her er vi ikkje på langt nær ferdige til jul, men vi har då kome eit stykke på i veg.. Dei fleste julegåver (Vi gjev kun gåver til borna og dei single vaksne, det har heldigvis alle i slekta vore med og avtalt..) er kjøpt inn, Heldigvis. Klarar ikkje å tenkje på å stå i milelang kø i til dømes ToysRUs i desember-eg skyr heile Lagunen (Storsenteret her i Fana)denne månaden-so sannt eg kan :)

Eg har sett kvite lys i stakane, Kvite englar "flyr" rundt omkring i stova, vi har lagt på kvite
dukar, sett opp kvite lys på to buskar ute i hagen, og lagt kvite julekuler til pynt i Norgesglas, synst det er so mørke dagar, treng so til litt lys! Men vi skal bake , dei små har fått forkler og kjevle av mormor:) Ha juleverkstad med juleklypp, høyre musikk og lesestunder og samling om Blåfjell på BarneTV. Resten av Julepynten, juledukane, julekrybba og treet kjem ikkje opp før seint på kveld vesle julafta..Vaskinga tek vi litt om litt.


Denne lyser opp kjøkkenglaset- Kjøpt på romjulssalg på Åhlens for snart 1 år sidan :) Synst den med sine svarte plastkrystallane vart eit artigt innslag i heimen då den meir tradisjonelle elektriske trelysestaken tok kvelden.


Morsomt vikingeskip kjøpt på Fretex. Må jo ikkje bli altfor høgtidligt her heller-tjihihi :)

På koseligt bake-besøk hjå mormor! Her beundrar dei det flotte lystreet hennar.

Kos deg med adventstida!! Tid saman & ein tur eller fleire i den flotte Fanakyrkja er advent for meg:)

Konkurranse hos Jill :)

Eg er med i ei gåvetrekking hos Jill ! Bli med du og da vel!! Ta ein kikk inn på den skjønne bloggen hennar på :