No har julefreden senka seg over heimen.. Vi har alt hatt fleire koselig julebesøk og kost oss med spel,kinasjakk, god musikk, mandariner, nøtter, marsipan & god kaffi, ja alt som høyrer jula til.
No skal eg straks ut og dele opp pinnakjøtet.. Må innrømma at det er kun andre gongen eg ikkje kjøper ferdig oppskorne pinnar, ellers plar eg be butikken der eg kjøper kjøtet skjære det opp på kjøtmaskina si.. Men i år vart kjøtet, som er frå Gilde, kjøpt på ein annan butikk, der dei ikkje skar opp.. Hadde nær ombestemt meg, og køyrd til neste butikk, men huska på at vi klarte no å få skjært det opp då eg var student og lånte sag av husverten for å dela pinnane ; hehe, mykje artigt i studietida gitt :) No held gubben på å fikse bil til romjulstur, vi skal reise nord til Romsdal & svigers! Og eg skal fyre på peisen so ungane ikkje frys, og so skal eg ut i vedbua og skjære ev. sage kjøt :) Korleis plar andre løyse dette? For det er vel mange som kjøper heile sider?
Vi koser oss med julefilmar & musikk-og i kveld skal vi,tradisjonen tru, pynte treet! Med dette vesle innlegget ynskjer eg alle ei riktig god & velsigna julehøgtid ! Varm helsing IngridMarie
Dette går nok bra, bare skjer mellom pinnane (beina) og viss du syns de er for lange så sag de over eller knekk de. Eg brukar ofte å ha dei lange, men då må du jo ha ei litt stor panne. Lykke til, det går heilt sikkert fint. Ønsker deg og dine ei riktig fin og hyggelig jul !
SvarSlettnam nam pinnekjøtt, gleder meg...
SvarSlettØnsker deg en kjempefin julaften, og en vidunderlig deilig romjul.
Kos deg masse.
Pinnekjøtt er utrulig godt :) På onsdag blir det eit nytt måltid ;) Vi har brukt å fått middagen heime hos mamma og pappa, men i år skal vi lage til her hos oss. Siden min mann skal jobbe, gjer vi det enkelt med å berre kjøpe inn ferdig oppskåret pinnekjøtt :) Smaker godt det og. :) Ønsker deg ei herlig romjul :) Godklem :)
SvarSlettInnom for å ønske deg en vidunderlig nyttårsfeiring og et GODT nytt år fyllt med GODE øyeblikk!
SvarSlettKlem, Vibeke :o)