onsdag 27. januar 2010

Lys og litt varmere..

Snøen som har lagt i vekesvis er no i ferd med å smelte. Pluss 4 grader då vi stod opp i dag. Det er farleg glatt på småvegane, men bortsett frå det synst eg dette er herligt. Det luktar vår-ja, eg veit at det er litt for tidleg å gleda seg over våren enno :)



Vakre tulipanar, snopt på vår lokale lille ICA butikk til 29.90 for 7 stk



Vakker handlaga duk frå Mamma, laga av lokal Tysneskunstnar Gunvor Regine. Eg veit at baksida ligg opp, men eg synst den var so flott at eg brukar duken på begge sider, etter humør og farge. Hjarteleg takk, Mamma ;)

Men innomhus kan vi iallefall prise våren, glede oss over tulipaner og sarte fargar, medan vi kikkar ut på sol frå blå himmel og høyrer at det dryp frå takrennene. Og kjenne at det dryp visst bittelitt frå nasen og, host host..

1 kommentar:

  1. Gode og vårlige fargar!Flott duk med retro- mønster :) Klem MO

    SvarSlett