Puh-ikkje berre lett å halda ungane skadefri på ein slik byggeplass, nokre skrubbsår har det blitt.. Men so må dei jo nesten få lov til å snekre litt "som pappa" med minihammer, småspiker og plankebitar..
Og so er det kjekt å sjå at huset tek form, gler meg til vinter med lyst soverom, nytt inngangsparti som no er på "rett side" i forhold til veg og garasje. Ny inngangsdør, sidan den gamle var vindskeiv og trekkfull, og ny terrasse som gjer at vi slepp å få smågrus inn i huset heile tida.
Mitt bidrag i oppussinga har stort sett vore å sysselsette barna, lage mat og prøve å halde dei ikkje direkte involverte romma nokolunde ryddige (og det er ikkje berre berre...) innkjøp og valg av maling, SENSE, i fargen "skumring" som er nesten heilt lys grå. Litt av malinga har eg og stått for, i den grad eg har klart det, med vondt bekken & stor mage.. Med mange kvilar, og god hjelp frå min greie lillebror er rommet blitt ferdig malt :)
Ps.Skal vise meir frå prosjekt sommar 2010, etterkvart som det tek form :)
SvarSlettOj, såg nett at teljaren har passert 20 000! So gøy at so mange har vore innom her hos meg! Det må jo nesten markerast litt :) Kjem tilbake til det! Takk til deg som kikker innom-og ei særskilt takk til deg som tek deg tid til å leggje igjen nokre ord :)
SvarSlettBlir jo veldig kjekt å få på plass nytt inngangsparti og med små barnehender som ivrige snekkere, er det nok å holde styr på....men et koselig styr. Titter innom for å se igjen senere:)
SvarSlettÅh, eg veit alt om å sysselsette små hjelparar medan andre gjer "arbeidet". Og byggeplassar er ikkje berre-berre, det har me òg litt erfaring med ;) Men når resultatet vert bra er allting godt!
SvarSlettpass på magen din, og grattis med 20 000!
Hei på deg og magen ;) Grattis med 20 000!
SvarSlettKjekt å sjå på prosjektet dokka! Det er kjekt når man begynne å sjå at det tar form. Takk for hilsener inne hos meg! Det var kjekt å finne igjen blogglandia! Vi venter på sola nå, så vi får kose oss litt ute også i ferien.