onsdag 11. februar 2009

Seint ute, her er mitt vesle bidrag!

Hei! Eg har akkurat kome heim frå ein fabelaktig flott tur til Berlin, har teke masse flotte bilder, som eg har lagra på mannbrann si maskin, og lyt kome tilbake til i eit seinare innlegg... Men vinterbilder har eg heldigvis her på mi maskin, so eg hiv meg rundt og viser fram min "Frøken Vinterhage inne hjå Anne på Moseplassen :http://moseplassen.blogspot.com/; Mi vakre Frøken Islandur!"
Frøken Islandur, her i eit tenksomt øyeblikk på bakken bak huset vårt for eitpar veker sidan. Ho elskar snøen som har kome no-ho spring hoppande og sprettande ikring, hiv seg overende på bakken og baskar og leikar med alt det deilige, kvite og kalde. Trur det minner henne om heimtraktene!

Sidan eg er i gang viser eg fram litt fleire bilder frå Hagen; Over på den andre sida av gjerdet står det eit vakkert lerketre-det er vakkert heile året rundt..




Eføyen er dekka av snø akkurat no, men snart titter den nok fram igjen, dette bildet vart teke for eit par veker sidan, då vi hadde tørt og fint iskaldt vintervær her i Bergen.



Og det var snøklokker som våga seg fram or vintersøvnen!! No er dei og dekka av eit tjukkt snølag, men eg håpar dei klarar seg under beskyttande greiner med granbar..







Sukk..Er ho ikkje bedårande?! Treet i bakgrunner er eit av dei flottaste eg veit-det ser ut som eit riktig "Sparebanktre-skal ta bilder av det gjennom året slik at du får sjå:) Mvh Ingrid

3 kommentarer:

  1. Så kjekt at du vil være med på konkurranse :)
    Nyyydelig frøken!

    SvarSlett
  2. Vakre bilder fra vinterhagen din! Klem Kjersti A

    SvarSlett
  3. Så fantastisk vakker hest. Litt lurvete og lysebrun ;). Hadde matcha kattene mine perfekt ;). Vi selv har ikke hest, men jeg bor landlig, så ser hester hele tiden. De kommer forbi i sulky, med kjerre eller med slede - og naboen har et sted mellom 15 og 18 hester. Koselig. Jeg har mer hest i åkeren enn elg, for det hender jo de kommer seg ut av innhegningen. Vakre bilder. Vinterhagen min er BARE hvit den nå ;). Masse snø og i morges våkna vi opp til minus 26 grader - så her er det ikke mye liv ennå. Hei og hopp.

    SvarSlett