lørdag 31. oktober 2009

Når dag går mot natt..

Ein innhaldsrik dag går mot kveld og natt. Vi har kost oss "heime aleine", medan mannbrand/pappan er på helgetur. Sidan det jo er HalloVenn (Knakande godt norsk ord på dagen, spør du meg!) dag i dag vart det på nytt ansiktsmaling og kostymer, besøk til fire naboar og vips-meir snop i veska enn dei faktisk klarte å ete opp :) Det skal sparast til neste laurdag, heldigvis.

Ein Ikea-tur har vi og unnt oss i dag, sidan ingen vart med til å halda oss (les meg) i taumane med spørsmål om kor det skal stå, eller synspunkt på at det er no leenge til jul :) Skal vise fram nokre av innkjøpa når eg har fått tatt bilder, det er ikkje lett å rekke å få tatt bilder i dagslys no i november-gubba, ja november alt!






Ja, ungane var lett å legga i kveld, so no er det berre meg og katten oppe. Ho nyt å få ligge i fanget, eller ein annan god & varm plass... God bok, jazz på radioen, roen senker seg over hus og sjeler..Og enno masse HalloVenn-snop igjen i skåla eg hadde laga klar til Hallovenner som ville komme hit. Hm? MMM.



3 kommentarer:

  1. Åh, høyrdest ut som ein nydeleg kveld. Eg hadde òg ein god laurdagskveld igår, etter å ha vore vekke frå mine i nesten ei heil veke. Då er det godt å sitta med heimelaga pizza i eiga stove igjen :).

    Og så må eg sei eg vart litt imponert av HalloVenn-innlegget ditt. 5-åringen min ville gjerne ut og gå "knask eller knep", men eg var såpass kjip mor at eg sa nei. Her i bygda er det foreløpig ikkje nokon som har adoptert tradisjonen (det er ikkje heilt sant, me hadde to skumle gutar her, men då var heldigvis jentene på badet og tok kveldsstellet ;) ), og eg hadde ikkje tenkt at me skulle vere dei som innførte den. Når jola kjem derimot, skal me ut og gå jolabukk, slik me sjølv gjorde i barndomen.

    God veke i vente til deg og dine!

    SvarSlett
  2. Kor flink du er til å lage det koselig rundt deg-så til og med pusen trivast-Gonatt klem M:)

    SvarSlett
  3. Her var det heller ingen som gikk "Halloween", for vi har hatt litt uheldige opplevelser ift det! Mine barn fikk skylden for å ha kastet stein på en bil!!!Heldigvis kom det for en dag hvem de skyldige var. Etter dette har det ikke vært så om å gjøre å gå rundt her :o( Fine bilder du har tatt, og en koselig blogg! Likte spesielt det med pusen på laptopen ;o)
    Ha en fin uke!

    SvarSlett