torsdag 5. november 2009

Kattungane drar. Sukk.

Kos & Dekor i sofakroken ;) Kanskje stygt sagt om at pusane at dei er dekorative, men iallefall er dei flotte dyr, som bidrar sterkt til kosefaktoren i heimen, særlig no i haustmørket når dei har meir roen til å ligge inne på sofaen eller ved peisen.



God opplæring når det gjeld matvet har dei fått frå mora, dei er lært opp i smisking med husmor, musejakt, og (dessverre) fuglejakt.




Tolmodig kattemor som finn seg i at dei to "små" barna hennar får melk..


Da har kattungane allereie blitt 12 veker-og det er blitt tid for at dei reiser til nye heimar. Litt vemodigt, men 4 kattar vert for mykje, og dei små har fått gode heimar hjå folk vi kjenner godt :) 5-åringen vår ytra håpefullt ønske om at "men kanskje Serafinapus får ungar snart?!" Men no skal begge dei to vaksne kattane fiksast hjå dyrlegen, for sjølv om det er herligt med dei små nøstene, er det jo ikkje sikkert at vi finn gode heimar neste gong..
Godt at vi framleis har Kosipus & Serafina å kose med! (Ja, ungane har bestemt navna ..)

4 kommentarer:

  1. nydelige katter, og klart de er dekorative!
    Godt at dere har funnet gode hjem til de, og sikkert fornuftig å sterilisere.
    Har gresselig lyst på katt selv, så det stikker alltid litt å se andres skjønne nøster..

    SvarSlett
  2. At katter er kos er det iallefall ingen tvil om:)
    Godt å se at det er flere som er fornuftige og lar kattungene være hos mamman sin lenge nok (noen gir bort ungene bare etter 6 uker, da er det mye viktig mammalærdom de går glipp av)
    Pusejenta vår skal steriliseres etter nyttår.
    Koselige navn på pusene deres da:)

    SvarSlett
  3. Kattungar er nydelege! Puserus (ungane har fått bestemt her i heimen og) er snart vaksen, og no ventar me berre på at ho skal verta 6mnd og 2 kg så ho kan steriliserast. Er ikkje klar for familieforauking;)

    Ha ei flott helg.
    Klem:0)

    SvarSlett
  4. pusar er kjempesøte - så lenge dei er små. Må desverre innrømme at eg ikkje er så veldig glad i vaksne kattar. Men om dei hadde vore små og mjuke nøster for alltid skulle eg nok kunne fått meg katt igjen ;)

    godt er det iallefall at dei små har fått gode heimar, og lurt at de "fiksar" dei store.

    god helg til deg og dine!

    SvarSlett