Ikkje akkurat eit typisk utrykk for ein vestlending, men so har jo heller ikkje denne vinteren vore som vanleg.. Men fleire naboar og vener som har levd i vekesvis med frosne vannrør, og iskalde hus utan fyringsmuligheter, er eg glad for at dei no melder regn-og mildvær! Om ikkje det vårast so mykje ute enno, so kan ein jo prise våren inne :)
Har kjøpt meg nydelege fyllte små narsisser, påskeliljer. Dei har ei utrulig god duft! Set dei inn om natta, av frykt for at dei skal fryse, og ut i vårsola om dagen.
Desse vakre blomane på amaryllis-planta mi er eg særs stolt over- det er ikkje so ofte eg får noko både til å bløme-og til å halda på blomane ei stund, innomhus!! Denne planten er kjøpt på Gardsutsalet på Stend Jordbruksskule- og det er stort sett plantar som kjem derifrå eg klarar å få til-dei er nok hardføre og sterke, og ikkje innom so mange stadar på vegen frå produsent til forbrukar :)
Det har byrja å smelte litt kring hushjørna, og eg gler meg til det kjem opp blomar frå alle dei hundrevis av løkane som forrige eigar har sett ned. Nokre satte eg sjølv ned i haust- vert spennande å sjå kva som kjem opp!
Og tenk,no viser kalenderen mars! -So trass i at vinteren held taket enno, er ikkje våren langt unna!
Me får håpe våren kjem no snart, ja. Men eg håpar den kan komme snikande og ikkje veldig brått, for når all denne snøen skal smelte, og det skal komme regnvatn i tilleg, ja då tør eg ikkje tenkje på kor mykje vatn som renn inn både her og der ;O)
SvarSlettVakre blomar!!
Hei på deg! Fikk et tips fra din bror om at du også har blogg! Vi har besøk av H&H nå og det er veldig koselig! Håper alt står bra til med dere! Her venter vi på regnet også, slik snøen drar sin vei. Vi vil ha våååår ;)
SvarSlettKlem Beate
He,he..omtrent sånn var stemningen her også når det begynte å regne isted :)
SvarSlettDet har dessverre gitt seg nå, men håper på mer..vil ha vår nå :)
Flotte bilder som forsterker vårlengselen :)
Ja, det vart nokre fine dagar med vår i lufta, det smelta kring husveggen og små krokus kikkar fram i beda, men i natt kom det meir snø... sukk. -Klart at mykje regn på ein gong er ikkje so bra, men godt at det smeltar unna! No vil vi ha vår!
SvarSlett