Glimt frå den vakre påskekalenderen min ; Som eg vart den stolte eigar av for kr 29.90. Kjøpt i rundellen ved hovedinngangen på Lagunen. Har ikkje heilt forstått kva for dag vi skal starte å opne luker... 10 luker med sjokolade har den, so den dekker vel dagane fram mot Påskedag tenkjer eg ?
Påskeharar og egg i fleng.. Litt glansbildenostalgi over den-og sjokoladen inni er jo heller ikkje å forakta!
Laga av Storesøster snart 6 år..
Barna hjelpe te med å pynte til påske ;) Flotte fargesterke teikningar kjem med heim kvar dag frå barnehagen.
Fargelagt av Lillebror (snart 4 år) som skal bli storebror til sommaren :)
Appelsinkos !
Påskekalendar? Det har eg aldri høyrt om. Men fin var den jo, og sjokkis kjem alltid godt med.
SvarSlettOg så må eg gratulera lillebror som skal bli storebror! så kjekt! Håpar alt står bra til :)
klem
Hehe. Har aldri hørt om det før eg heller, det er derfor eg ikkje heilt veit når vi skal begynne å opne første ruta :) Ja, det er stas med baby, vi gler oss masse!
SvarSlett