torsdag 5. november 2009

Kattungane drar. Sukk.

Kos & Dekor i sofakroken ;) Kanskje stygt sagt om at pusane at dei er dekorative, men iallefall er dei flotte dyr, som bidrar sterkt til kosefaktoren i heimen, særlig no i haustmørket når dei har meir roen til å ligge inne på sofaen eller ved peisen.



God opplæring når det gjeld matvet har dei fått frå mora, dei er lært opp i smisking med husmor, musejakt, og (dessverre) fuglejakt.




Tolmodig kattemor som finn seg i at dei to "små" barna hennar får melk..


Da har kattungane allereie blitt 12 veker-og det er blitt tid for at dei reiser til nye heimar. Litt vemodigt, men 4 kattar vert for mykje, og dei små har fått gode heimar hjå folk vi kjenner godt :) 5-åringen vår ytra håpefullt ønske om at "men kanskje Serafinapus får ungar snart?!" Men no skal begge dei to vaksne kattane fiksast hjå dyrlegen, for sjølv om det er herligt med dei små nøstene, er det jo ikkje sikkert at vi finn gode heimar neste gong..
Godt at vi framleis har Kosipus & Serafina å kose med! (Ja, ungane har bestemt navna ..)

lørdag 31. oktober 2009

Når dag går mot natt..

Ein innhaldsrik dag går mot kveld og natt. Vi har kost oss "heime aleine", medan mannbrand/pappan er på helgetur. Sidan det jo er HalloVenn (Knakande godt norsk ord på dagen, spør du meg!) dag i dag vart det på nytt ansiktsmaling og kostymer, besøk til fire naboar og vips-meir snop i veska enn dei faktisk klarte å ete opp :) Det skal sparast til neste laurdag, heldigvis.

Ein Ikea-tur har vi og unnt oss i dag, sidan ingen vart med til å halda oss (les meg) i taumane med spørsmål om kor det skal stå, eller synspunkt på at det er no leenge til jul :) Skal vise fram nokre av innkjøpa når eg har fått tatt bilder, det er ikkje lett å rekke å få tatt bilder i dagslys no i november-gubba, ja november alt!






Ja, ungane var lett å legga i kveld, so no er det berre meg og katten oppe. Ho nyt å få ligge i fanget, eller ein annan god & varm plass... God bok, jazz på radioen, roen senker seg over hus og sjeler..Og enno masse HalloVenn-snop igjen i skåla eg hadde laga klar til Hallovenner som ville komme hit. Hm? MMM.



fredag 30. oktober 2009

Ein fest er ein fest er ein fest :)

Jada, la det vere sagt, eg er eigentlig heilt einig med dei som meiner at Halloween er ein amerikansk skikk og noko handelstanden har sett i stand for at vi skal bruka pengar. Men.




Når femåringen kjem gråtkvalt heim frå barnehagen fordi det ikkje var Halloween-fest der likevel, som ho av ukjente grunnar hadde forestilt seg, då lar mor prinsipp være prinsipp & svingar seg rundt.





Igrunn har vi so mange kvardagar at ein fest i haustmørket kan vi no unne oss!



Ein rask tur innom Nille for å kjøpa edderkoppar, sveive ihop nokre muffins (Takk Toro, min kjære allierte&venn). Mandariner er jo gule & kule, og pølser i brød ein enkel & populær middag :) Kjeks frå skapet & to veninner frå barnehagen på besøk og vips ; Halloweenfest :) på ein fredagsettermiddag.

tirsdag 27. oktober 2009

Kvakk Kvakk på Fløyen..

Spente ender klar for tur opp Fløybanen saman med Veslebror&Storesøster.
Endene får seg ein liten tur nedover bekken ved leikeplassen bak restauranten..




Ei fantastisk utsikt og heldigvis klarver denne dagen.



To gode venner på veg ned frå Fløybanen- med god middag og is i vente :)


torsdag 22. oktober 2009

Fargespel på Lysøen









Ut på båttur til "Den hemmelige øya"! Ole Bull sitt eventyrslott på øya Lysøen i Fana, i nydeligt haustver :)


Du skimtar slottet i bakgrunnen.






Makrellskyer og makrell på kroken..


Riktignok bittesmå & til glede for Pus.





Ungane fekk klatra & springa rundt.


Sidan innomhus til varm sodd & kvitløksbrød med godt smør.. -Kan det bli bedre?!





onsdag 21. oktober 2009

Kos i kveldinga..




Kaffe og ein sjokoladebit, er min faste ettermiddagskos. Med nytt lesestoff vert kvelden perfekt! Er no både pliktoppfyllande & livsnytar av natur. Det siste er eg veldig stolt av, det kjem vel med i ein hektisk kvardag :)

mandag 19. oktober 2009

Då va "julaklena" kjøpt :)

Sit her med sjuk veslebror & hektiske jobbdagar. Puh. Eit evigt puslespel om kven som skal jobbe og kven som skal være heime..Får jobbe litt på data iallefall. Men tok meg tid til ein tur innom KappAhl på veg til barnehagen og tidleg henting, kom heim med nydelege julakler til liten og stor :)


KappAhl sin Vintage Stories gjorde valget lett ;) Denne skjønne kjolen kosta 599,- ikkje noko å sei på det :)





Storesøster sin duslilla kjole kosta 349,- og vesten 179,- Ho er på "veninndebesøk" og har ikkje sett den enno-men den fell heilt sikkert i smak :)





Veslebror har fått denne skjorta-som eg håpar er "kuul". (Det han likar for tida vert nemlig samla i dette begrepet.)




Dette beltet fekk han også-DET er iallefall kuult :)







Litt pynt fekk og bli med..



Middagen lyt vente for springen er tom for vatn... Sidan vi er tilknytta vassverket får vi håpa at dei jobbar med saka :) Kreativ middagslaging utan vatn, ma potetene kokt i microen :) Go kveld frå Ingrid Marie