tirsdag 25. oktober 2011

Haustfest for deg uten edderkoppfobi!



Eit lite glimt frå fjorårets Halloween-fest!

No er førebuingane igong til årets fest-og eg leitar etter inspirasjon på nettet.





Inne hjå Marta Stewart er det mange "i siste liten tips"som ikkje kostar skjorta, eller tek frå ein nattesøvnen :)


mandag 24. oktober 2011

Hallo Venn/Halloween :)

Det nærmar seg Hallo Venn tider!
Og her hjå oss i Bergen er det faktisk blitt ei lita høytid, sjølv om eg må innrømma at før vi fekk barn var det ikkje aktuelt å feire hverken Hallo Venn eller Halloween-fest her i huset :) Men når du no eingong har ein 5-åring som spør forventningsfullt kvar morgon: "Er det.. 10..9.. 6.. dagar igjen i dag ?!" Ja, då vert det laga til Hallo Venn fest for nokre små og store venner.
Med god inspirasjon fra Martha-sjekk ut sjølv på linken her!
Kos deg med lys i haustmørkret der du er, om du legg opp til feiring av hausten, Hallo Venn eller Halloween :)
Alle bilder er lånt fra Marta Stewart sine Halloweensider ;)

mandag 26. september 2011

Krystallklare dager..



Frå kanotur i nabolaget, ein opplett dag..

Hausten er her -ugjenkallelig. Da gjeld det å kle seg godt og komme seg ut likevel, og so etterpå kose seg inne, tenne lys og lage kakao, lese bøker og lytte til musikk :)
fraThe Wisely Greenhouse Online..


Ikkje lett å få gjort noko som helst utearbeid, når det bles og regnar slik det har gjort desse siste vekene her i Bergen. Planane om eit lite drivhus syslar eg med enno, hadde vore flott å hatt ein plass å settje uteplantane over vinteren! Tek gjerne imot tips! Veit at fleire svenske firma sel små "ferdighus", som ein ikkje treng søke byggetillatelse for.



Koseligt å sitje ved pcen og leite litt etter gode ideer, sjå på sommerbildene, og reise innom andre bloggere undervegs.


God haustveke til deg som er innom her !

fredag 26. august 2011

Pippigenser fra GinaTricot!



Hurraaaa!!! Har prøvd fleire gonger på å få bestille fra GinaTricot nettside, men denne genseren låg kun ein dag, og so var den utsolgt... Skreiv mail og etterlyste den, og no er den inne igjen!! Skunda meg å legge inn bestilling! Såg den i fleire svenske magasin i sommar, på ferieturen vår, og vart heilt betatt. Heiter eigentlig "Gotlandsk Fiskartrøya", og er ei tradisjonell svensk oppskrift.
Denne genseren bringer med seg gode barndomsminner fra Pippifilmene(sjølv om eg rett nok var temmelig redd Pippi dei første gongane eg såg filmane, fordi ho gjorde so mykje rart, og dei voksne måtte bli sinte på henne)so no når eg fekk sjangsen synst eg det var 300 godt anvendte norske kroner :) Her finst strikkeoppskrifter, for den som heller vil lage sin eigen, men med ny jobb, baby og barn i barnehage og sfo, er eg glad for muligheten til å kjøpe ein ferdig :) Ser for meg at eg kjem til å krype ofte inn i denne utover hausten! God haust frå meg!

søndag 3. juli 2011

SøstreneGrene endelig i Bergen!



Bilder fra Søstrene Grene..


Endelig har vi fått Søstrene Grene til Bergen!!

Brukar å besøke dei i Oslo og København på sommertur, men ofte har det vore ting&tang på ynskjelista som har vore for store å kjøpe med seg, med begrensa plass i bil eller til handbagasjen på flytur.. No treng eg berre bruke 20 minutt inn til Bergen og kjøpesenteret Ehibition :)
Det vart søte små dessertskåler og koppar i keramikk, nydelige babuskatørkle til vesla, små metallkofferter til syutstyret, oppmuntrande plasterlappar til sommarens små og større skrubbsår, og herlig melamin-kopper og skeier.


Hvis du ikkje har ein butikk nær deg kan du sjekke ut nettsida deira her; Søstrene Grene. eller besøke dei på Facebook https://www.facebook.com/#!/Grenes!
Vi kombinerte handleturen med kafebesøk på Eat My Muffin i første etage- Kan absolut anbefalast-fantastisk herlig storbystemning, i lille Bergen..mmmmm!

Snickers,Oreo& god lunch-muffin med skinke..mmm


mandag 16. mai 2011

Heimelaga is til 17.mai?!



Det nærmar seg nasjonaldag med raske steg! Og 17.mai feiring og is høyrer saman som hand i hanske! Om det blir sol eller regn i morgon, is må ein berre ha!! Du kan lage denne her, som eg fann hjå Tine, eller gjere som meg og kjøpe ferdige kroneis på butikken ;) Ikkje heilt same stasen, men med baby i huset vart det kjøpeis i år, med veldig god samvittighet ;) God 17.mai til liten og stor, med masse is, pølse, rømmegraut og KOS!

fredag 6. mai 2011

Løvetann; bli glad i dei-eller kjempe imot!?

Etter å ha ignorert dei små gule nøsta i heile fjor sommar, oppdaga eg plutselig at dei kikker fram OVERALT i hagen i år... Hm. So no hadde eg valgets kvaler om eg skulle bestemme meg for å like dei, eller ta opp kampen...Synst jo eigentlig dei er koselige, iallefall når dei blir plukka av ei lita lubben barnehand,og gitt til mor :)








Men det er jo synd om dei tek næring frå alt det andre vakre som veks i hagen! So i vår har eg gått for å spa dei opp med rot! Med verkande rygg og vannblemmer i hendene som resultat, men du verden kor terapautisk det virkar å sjå at det minkar på dei!

Bursdag i huset!









Da har vi fått oss ein 5 åring i huset :) 5-årsdagen vert feira med besøk fleire dagar til ende! Dagens Transformer-kid har sjølv bestemt kakesortene og vore med på bakinga. Koselig fest & fornøyd gut!

onsdag 16. mars 2011

kaffidrømmer!


Hvis eg hadde vunne i lotto, so skulle litt av gevinsten gått til å kjøpe denne her..

eller kanskje denne?



eller..


kvifor ikkje denne:


Noko må eg jo kunne unne meg når mannbrann har fått kjøpe seg dette :)














Du kan jo finne din eigen favoritt her: http.kaffemekka.dk





fredag 4. mars 2011

Kjøkken-gleder!




Vi er so heldige at vi kvar sommar kan reise til familiens sommerhus ved innsjøen Siljan i Sverige. Der bur vi i ei gammal jernbanestove, hentar vatn i brønn, vaskar klede for hand utandørs og badar i herligt ferskvatn. Kjøkenet er i nostalgisk stil, du kan bake i den vedfyrte bakaromnen, eller koke kaffi på gassomn. Heile staden har ei slik ro over seg. Det er til og med kjekt å vaske opp her! Nyt bilda og drøm deg bort du og :)






Gøy å få vere med og trekke opp vatn!

fredag 4. februar 2011

Kjenner du tapetet?


Vi er på jakt etter retrotapet til gangen vår, og eg liker veldig godt denne , som dei har på veggen på cafeRetro på Nordnes i Bergen.. Meiner å h lest at den har vunne ein pris eller noko, denne tapeten.. Skulle gjerne hatt navn for ev å finne ut om det er mulig å bestille på nettet. God helg til deg!

mandag 24. januar 2011

Den store barnedåpen !

So var minstejenta vår døypt!
Ein fin og minnerik dag
- med slekt og vener samla til fest.
Her er nokre små glimt;

Dåpskjolen har søstra mi sydd, og alle våre tre barn er døypt i same kjolen :)



Dåpsteppet, som vi er so heldige å ha i slekta, er sydd i Hardangersøm, og det har underteppe i blått og rosa, slik at det passar til både jenter og gutar.. Det er tett mellom fødslane & dåpane for tida :) Nevøen min vart døypt 14.november, so vår jente den 2 januar, og niesa mi skal døypast i februar-so her går det unna :)



Planen var å lage dåpskaka sjølv, men etter mislykka forsøk med å få heile ringar ut av formene, fall valget på denne fra Hardanger Bakeri. Eg gjer ikkje opp-har fått tips om å spraye ringane med fett, og drysse på mel.. då skal ringane berre dette ut av formene..


Heldige jenta som fekk mange fine helsingar til dåpen.