tirsdag 27. april 2010

4-årsdag i huset :)





Mor sjølv var svært fornøyd då ho fann dinosaur kakepynt på lokalbutikken.. Ein klar favoritt!


Og like fornøyd gut ropa gledestrålande utover heile huset under gåveoppakkinga,til stor moro for alle frammøtte mammaer-Koppeseeeett!! No slepp han "låne" Storesøster sitt :)


Kaka har han pynta sjølv, med litt hjelp frå mamma til å dele bæra :) Jordbæra kunne nesten måla seg med norske, god smak og skikkelig jordbærlukt, dei var spanske og vart kjøpt på Coop for 12.90 for korga. Ikkje noko å seie på det.


Godguten fyller 4 år denne månaden, og klart det lyt feirast! Ikkje mindre enn tre festar vart det på han, ein med barn frå barnehagen her heime, ein her heime med venner og familie, og ein i barnehagen, med medbrakte minipizzaer. Snopefri barnehage er ein bra ting! -Men gjer at ein lyt tenkje litt lengre enn sjokoladekake når barna skal feirast..og i dag då vi drog heim frå barnehagen spurte han jammen om når han skulle feire bursdag hos Mormor? Prøvde å forklare at det ikkje var Storesøster sin bursdag vi feira hjå Mormor-men Påske!! Ikkje so lett å forstå desse samanhengane for ein liten, stor, kar. Ha ei fin veke!

tirsdag 20. april 2010

Gje bilda dine ein "vintage look"!


Storesøster er klar for skulestart alt, men må vente heilt til august :)



Kan berre anbefale vidare denne kjekke sida, JapanoldPhoto som gir bilda dine ein gammeldags stil... Egnar seg både til små bilder på nett og til større papirutskrifter! Sida let seg heldigvis oversetjast via Google til engelsk, då det står heller dårleg til med min japansk..

onsdag 14. april 2010

Giweaway hos AnnaJohanna..



GiweAway hos AnnaJohanna! Du kan vinne ei av desse flotte fargesterke kaffikannene frå Rice..Bli med du og da vel :)


Du kan delta heilt fram til 1.mai :) Les om reglene for konkurransen ved å klikke på linken over..




lørdag 10. april 2010

Vi får ei lita jente :)


Då har vi vore på ultralyd, og heldigvis ser alt fint ut med den vesle! Og viss dei har rett so er det ei dotter på veg til oss :) Sidan vi har gut og jente frå før, har vi mykje av utstyret på plass alt, men det skal bli gøy å hente fram babytøyet og gjere klart! Vi gler oss-og eg synst det er lenge å vente.. God helg!

onsdag 7. april 2010

Nytt til kjøkenet..


Denne passa jo godt til dei turkise Cabanaz-assessoriene eg alt har..


Dette blir kaffi og te-termosen, synst den lyste opp i kaffikroken på kjøkenet..


Var som tidligare nevnt innom Kremmerhuset i Påsken, og der var det utruligt mykje fint og vårligt! Mellom anna hadde dei teke inn slike kinatermosar igjen! Har sett etter ein slik leeenge.. Men alltid vore utsolgt der eg har spurt. Også på nett! So no når eg endelig klarte å finna dei vart det ikkje berre ein, men to som fekk bli med heim :) Var so flotte på kvar sin måte, at eg ikkje klarte å velge.. Og prisen var det heller ikkje noko å sei på. (99 kroner for den turkise og 129 kroner for den kvite..) Dermed kan eg nyte kald drikke i solkroken frå den eine, og ha te eller kaffi på den andre. Hehe. Smart tenkt, ikkje sant?!


Held no på å fylle ut bursdagskalenderen eg fekk i jula, den er frå Blafre, og berre heilt herlig illustrert. -Klokka har storesøster laga heilt sjølv i barnehagen :)

Litt mindre forkjøla i dag, heldigvis! I morgon er det tid for ultralyd på KK, er so spent på å få vite om det er ein liten prins eller ei prinsesse som kjem til oss :)

tirsdag 6. april 2010

Vår i huset i hagen..

Då er det tid for å pakke ned påskepynten og finne fram våren, i form av hagereiskap, rydde i hageboden, sjekke kva som har overlevd vinteren, kjøpe nye frø og planter.

I dag vert det ikkje gjort stort, har vore skikkelig forkjøla heilt sidan palmesøndag, og det sit i enno. Hosta meg gjennom natta, men ein roleg dag heime, med teppe og te i mengder gjer godt.

Kom endeleg over ein skikkelig kinatermos, i påsken :) På Kremmerhuset har dei teke inn desse, i fleire fine fargar og mønster, til 129 kroner. Fin til både varme og kalde drikker!


God veke!