mandag 28. desember 2009

God jul!


Ja, eg har hatt ein god bloggpause-må innrømma at eg ikkje eingong veit kva for vekedag det er i dag.. Og det kjennes herligt! Ute og akar og går på ski rett utanfor døra, her i Bergen! Utruligt! Vi gjekk ein tur over til naboar i dag, med barna på akebrett, blå himmel, måneskinn (klokka var 4 på ettermiddagen) og glitrande snøkrystallar overalt. Sukk. Glad for at barna får slike minner frå jula! Og i morgon skal vi saman med venner og familie på aketur ned frå Fløyen. Jippi!
Håpar at du som les også har gode romjulsdagar!

søndag 13. desember 2009

Lys-lykter du lett kan lage sjølv !





Vi har eit hektisk program i desember.. Men mykje av det innebærer kos-saman med venner og familie, og gjer at denne mørke månaden er fyllt med små og store lyspunkt. Inne tenner eg masse levande lys, og fyrer (berre for kosen sin del, eg elsker lukta, lyden og sjølvsagt varmen frå peisen). Utanfor huset er det også kome opp vakre kvite lyslenker på busker og trær, so det er ikkje so mørkt der heller.




Lyslykter laga av syltetøyglass & fetaostglass, malt med decoupage-lakk, dekorert med nostalgiske glansbilder kjøpt på Nille, og lakka igjen før dei vart rulla i eit lag med sukker. Lett og dekorativt :)

I dag har vi feira Lysdag/Luciadagen med slekta, og barna har vore på overnatting og juleverkstad hos mi kjære Tante. Du er so sporty og grei, Tante ! Overlevering av kort og gåver vart det også i dag sidan slekta var samla- eg må innrømma at julekorta enno ikkje er ferdige her i huset.. Men eg synst det er hyggelig med kort som kjem i romjula og eg då, det er jo då vi har tid til å sjå etter på bilda av barna som har blitt eit år større sidan sist, og til å lese julebrev frå venner vi kanskje ikkje har sett på ei stund..


-So igrunn er det berre å gjere som kiropraktoren min seier-senke skuldrene og ikkje la seg stressa opp av at det nærmar seg jul. Eg set meg ned med gløgg eller kaffi og lesestoff om kvelden når barna er i seng-og kryssar av på lista etterkvart som julegaver er ferdig tenkt ut, kjøpt og pakka inn, aktivitetar for barna planlagt og gjennomført, maten handla inn og golvene vaska :) Ja, dei siste punkta der lyt eg vel gjennom ei rekke gonger til før jul :)
Men kanskje like viktig er det at eg prøver å være tilstades der eg faktisk er, og nyte stunda når eg les med Minstemann, eller puslar med julekort saman med Storesøster, og ikkje berre alt hastar vidare i tankar og sinn..


God adventstid til deg frå IngridMarie