søndag 29. november 2009

Bake kake søte!

Den skal tidleg krøkjast som god bakstekone skal bli ...


Storesøster og Lillebror med venner er i gang med hyggelig julebakst ;) Hugsar sjølv den gode lukta og spenningen framom omnen ; Er dei ferdig steikte snart no mon tru?




mandag 23. november 2009

En pepperkakebybaker gir seg aldri!


Når en pepperkakebybaker baker pepperbakekaker!!


Ps.Dette bildet er lånt av Martha Stewart altså!

Her i huset har vi kjøpt inn og skal igang med å bake nye hus til pepperkakebyen! Ett skal vi pynte her heime med ungene og ett skal eg ta med på skulen og pynte saman med elevane-på onsdag skal vi rusle ned til byens storstove og levere byggverkene :)


Bilde av fjorårets her i huset i den hemmelige hagen. Bittelitt nivåforskjell frå Marta sitt, men ungane (og ikkje minst ho mor sjølv) kooste seg :)


At nokon kunne gjere dette bryter med all rettferdighetssans-både for små og store! No må vi vise ungene at vi ikkje gir opp-Vi lar oss ikkje knuse!

Innbrudd på jobben og alt av pcer stjelt i helga også, og kun 3 veker sidan forrige innnbrudd med masse ødeleggelser av ma to projektorer, pcer osv...Sukk. Jammen glad for at eg tok pc`n med heim i helga for å jobbe litt, alle rundt meg i kontorlandskapet har mista alt dei hadde lagra på maskinene sine, kun det som ligg på felles server er redda. Sukk igjen.

Tross alt-dette bakeprosjektet gir oss ein følelse av å kjempe saman mot det vonde-det gode skal seire!!


"Alle" i byen er med :)


onsdag 18. november 2009

Julegavetips hos Blafre.com!

Nydelig ugle-på kort.
Alle bilder lånt fra Blafre.com!
Då har søstra mi og eg endelig fått avgårde bestillinga til Blafre! Små og store gaver til jul, enkelt og greit via nettet. -Nydelige humoristiske og nostalgiske saker å finne hos dei: Kort, drikkeflasker, små og store esker, innpakkingspapir, kalendere mm. Ta ein kikk sjølv på Blafre.com!




Drikkeflaske med rosa blomar og bambier.




Grønn drikkeflaske med bambier.


Kul matboks med skummel fisk, denne har lillebror fra før..






Ekstra sterkt og matt papir til papirklipp, scrap, gaver, bøker, små bokmerker mm






Nydelig liten boks med retroblomster, denne er gave til meg sjølv....




Det er også denne..



Desse bursdagskalenderane kjem til å ligge under fleire juletre som gave frå meg :)

Kos deg medan det enno er lenge til jul med å tenke ut lure gaver til dei du er glad i, pepperkakebaking, gløgg og mandariner -det er no det smakar best :)

onsdag 11. november 2009

Serveringsfat frå Stavanger Flint og søt vase.

Eg har vore fast gjest på Fretex i Laguneparken ei stund, og kjem slett ikkje alltid tomhendt ut dørene der. For å sei det mildt.

Litt tidlege bursdagsgåver til meg sjølv... (Då synst eg at det kan forsvarast at eg brukte litt meir pengar enn eg vanlegvis gjer på bruktfunn.) Fatet er nydeligt i beinkvit og svak svak gul, med gullbelagt dekor. Slike vakre fat frå StavangerFlint er jo heller ikkje noko du kan få tak i i ein vanleg butikk, og hadde ein kunna det so hadde det nok kosta meir enn 159 kroner :)





Blomevasen har ikkje noko stempel, so den veit eg ikkje noko om, anna enn at den er tung og med ein slipt blomst til dekor. Skal tru om det kan vera krystall? Det betyr no ikkje so mykje, det viktigste er at den er vakker & smal, slik at blomebukettar frå ungane passar perfekt ;)

mandag 9. november 2009

Tid for innekos!

Ansiktsmaling er ein hit om dagen-Storesøster spør før vi har kome oss i bilen på veg heim frå barnehagen-og då må vi jo male litt. Både på ark og fjes synst ho er kjekt! Og eg må jo innrømma at eg synst det er kjekt sjølv :)
Siste bilde av henne og kattungen før den drog til ny heim-er dei ikkje søte vel!


Store "katten"!



Og enno blømer det i hagen! Tross nattefrost & tørke ;)



torsdag 5. november 2009

Kattungane drar. Sukk.

Kos & Dekor i sofakroken ;) Kanskje stygt sagt om at pusane at dei er dekorative, men iallefall er dei flotte dyr, som bidrar sterkt til kosefaktoren i heimen, særlig no i haustmørket når dei har meir roen til å ligge inne på sofaen eller ved peisen.



God opplæring når det gjeld matvet har dei fått frå mora, dei er lært opp i smisking med husmor, musejakt, og (dessverre) fuglejakt.




Tolmodig kattemor som finn seg i at dei to "små" barna hennar får melk..


Da har kattungane allereie blitt 12 veker-og det er blitt tid for at dei reiser til nye heimar. Litt vemodigt, men 4 kattar vert for mykje, og dei små har fått gode heimar hjå folk vi kjenner godt :) 5-åringen vår ytra håpefullt ønske om at "men kanskje Serafinapus får ungar snart?!" Men no skal begge dei to vaksne kattane fiksast hjå dyrlegen, for sjølv om det er herligt med dei små nøstene, er det jo ikkje sikkert at vi finn gode heimar neste gong..
Godt at vi framleis har Kosipus & Serafina å kose med! (Ja, ungane har bestemt navna ..)