torsdag 28. mai 2009

Jordbærstaden :)

Storesøster held meg med flotte bukettar :)

Eg unner alle ein slik jordbærstad som vi er so heldige å ha :) Savner ikkje byen med larm og trafikk når vi kan gå rett utanfor huset og ut i denne magiske verda! ..



Her blir det noko for søtmunnar om litt..


Blomeenga bakom huset..

fredag 22. mai 2009

Snop på ein fredag..



Ja, egentlig so har vi innført lørdagssnop her i heimen, både for liten og stor er det greit å forholde seg til å ete snop den eine gongen i veka.. Blir meir stas rett og slett når vi ikkje mumser jamt. Bortsett frå at vi alltid unnar oss ein liten bit mørk sjokolade til kaffien, kvar einaste ettermiddag. Antioksidanter må jo til :) Men medan det var lett å slutte med snop fleire gonger i veka, er det mykje verre for mor å slutte å gjere "gode kjøp" på barnekle og interiørfronten.. Men men, vi skal jo ha glede av pengane vi jobbar hardt for-eller kva jenter?!!
Her er litt av det nyaste snopet eg har unna meg :





Dette plagget er som ein blomstrande hage, og heilt i mine nyanser! Tunika til 100 kroner på VeroModa, halv pris av full pris..


Detaljer frå tunikaen..





Strandmadrass frå Kid-79 kroner . Har planer om å slenge meg på den på terassen, gjerne med bok og noko godt avkjølande i glaset..



Bluse frå KappAhl-romantic-serien, 299,-






Brikke eg har tenkt å bruke til barnebordet, 20,- for to på KID






Her er den andre brikka-i kjøligt isblått som står til Stelton kaffikanna mi og anna nips på kjøkenet, so den havnar i godt selskap der..


Støvlane kjem og frå KappAhl, og skal no bli brukt flittigt i hagen :) No skal eg nyte at barna søv, mannbrann er på nattjazz med gutta, so eg kan kose meg i fred og ro med dei nyaste interiørmagasina..God helg!

tirsdag 19. mai 2009

Fretex-funn & noko heilt nytt!



Fekk auge på dette vesle serveringsfatet frå Figgjo-Victoria design, og det måtte få komme heim.. Det gav eg 35 kroner for på Fretex Lagunen.

Hugsar ikkje om eg har vist desse før, kom over dei på ein fantastisk butikk på Moa Storsenter i Ålesund, butikken som har alt du kan drømme om heiter Tante Bruun, og er du på dei kantar må du unne deg ein tur dit!! (Ligg nær inngangen ved Polet..) Likar Helgen-motiva på desse lysa so godt. Velkommen-skiltet er kjøpt på Hjerterom her i Bergen.



Dette fatet frå Figgjo fekk eg på Fretex for kun 20 kroner-det er noko falma i glasuren men det synst eg gjer det vakkert..



Tea for one-settet frå Laura Ashley måtte eg gje 60 kroner for, men den var berre so nydelig... Du løftar kanna av nedre delen, som er ein stor tekopp..





Lillebror har og sans for estetikk- dette stillebenet laga han ute i hagen, men favorittane: Metallkoffert med haimotiv frå BLAFRE, leikesag og skjærer, bøtte og spade og tåteflaske med Albert AAbergmotiv..


Skulle berre ha hårklemmer til storesøster då eg plutselig kom ut av Acessories med denne vakre vesle portemonnien og nøkkelknippe med krystaller.. Veit ikkje heilt kva som skjedde der, men fekk akutt behov for begge. Hmm..




Storesøster har også fått koffert frå BLAFRE, rosa, med vakkert reinsdyr/Bambi på.


Jada. Eg innser at eg nok har anlegg for å bli shoppoholiker, men likar tanken på å gjere gode kjøp, so det er ikkje store summar som går med iallefall :)

søndag 17. mai 2009

Lillebror på rømmen med flagg og ny Blafrekoffert..

Ekte frihetsglede-på Frihetens dag!

Pynten står klar, flagget er heist,- straks skal vi avgårde i "skikkelige "17.mai-toget!

Innhenta av mor, ikkje heilt fornøyd med det...


Lillebror ute på en aldri so liten ulovlig tur ut aleine -tydelegvis inspirert av 17.mai-tog i barnehagen fredag.. Han vart funnen raskt, rakk berre ned til garasjen, iført babysmokk str.4mnd, som han hadde funne gøymt i eit kjøkenskap, tåteflaska med Albert Aaberg-motiv som han elsker, Blafrekofferten som han aldri går langt uten, vinterstøvlar og flagg.. Måtte berre forevigast synst eg.. Sukk- men han er fantastisk verdensvant og trygg, på treåringers vis, ikkje redd for noko-Mor håpar at utferdstronga snart roar seg litt, og låser ytterdørene so lenge.. God 17.mai allesaman!!


Glimt av mitt 17,mai-klipperi ! Vi klipte, teikna og pynta alle vindauga på skulen saman med elevane!

fredag 15. mai 2009

Marits Vakre Heim!

Her i huset hjå systra mi bur det mange gutar, små og litt større!!
Nyydelege minner vert teke godt vare på og samtidig vist fram.


Spisestua; Lyse og lette gardiner, som ivaretar utsikten over hagen og sjøen :)

Detalj frå hallen, her har Marit mala veggen svart-dramatisk men utrulig flott! Andre veggar er tapetsert med ein vakkert rokokko-mønster i svart og kvitt-har ikkje bilder av det, enno..



Vakre små detaljar som gir den gode følelsen hos oss som veit å verdsetja slikt!



Huset har dei teikna sjølv, og resultatet er både sjarmerande og flott-utan å bli prangande! Her er det no travel aktivitet med å planta ut over 100 hekkeplantar! Puh! Med baby på veg og alt...Imponerande synst eg!




Loftstova har fått ein fantastisk vegg med familiefoto-av både ny og gamal dato. Luftigt og høgt under taket!





Vakre rosa roser på ein tirsdag:)






Tøffe blomeopphengskrokar! Nydeligt -og praktisk å henge babytøy på.






Inngangspartiet med akkurat slik dør eg kunne tenke meg på huset vårt-kanskje vi hermer dåke,Sis!!
Skal ta fleire bilder neste gong-her er enda mykje meir å vise! God 17.mai godtfolk!!




Frøken Løk: Tigerlilje!


Fr.Tigerlilje
Moseplassen har konkurranse : Frøken Løk! Hiv deg rundt og bli med, fristen går ikkje ut før midnatt!!

Mine vakre tulipaner-som eg ikkje eingong veit kva heiter-Men minsten i huset kallar dei Tigerblomst-trur det kjem av at han er so fasinert av Tigre, sebraer, leoparder og løver og ser prikker og striper overalt :)
Fr. Tigerlilje vel eg å kalle henne.. Tvi tvi både på egne vegne, og til alle medkonkurrenter med sine vakre og flotte deltagere :)



tirsdag 12. mai 2009

Symaskinsertifikat frå barneskolen nokon?? Hjelp!!

Bildet er lånt av anabolina.blogspot.com

No har eg endevendt huset-men finn ikkje symaskin-sertifikatet mitt frå ungdomsskulen.. Og eg har lova nokre elever på 7.trinn at dei skal få byrje på sertifikatet neste veke.. Skulle hatt ein modell å sjå etter.. Har nokon der ute i bloggland anledning til å sende meg eit bilete av sitt sertifikat? Gjerne med tekst-men ikkje noko krav :) På førehand takk!!