onsdag 29. april 2009

Hjelp! -MAUR i drømmehuset!

Lasius Niger -ein gjest eg gjerne vil ha ut av huset igjen..

Uff og huff. I kveld oppdaga vi invasjonen. Har jo hatt ein og annan maur innom tidlegare, men ikkje som dette! Mannbrann sat i sofaen og hygga seg med Champions League (fotball ja) medan eg hadde redda meg unna elendigheita, og sat og jobba ved pcen. Brått oppdaga han at han delte sofaen med eit titals brune sukkermaur.. Vi flytta på sofa og tepper og oppdaga at dei kom inn gjennom ørsmå opningar i golvlistene ved eine terassen, at den terassen har rote treverk var eg jo klar over, men planen var å vente til neste år med å legge ny terasse då .. Ikke vil eg bruke Maurkverk med småbarn i huset-her må det alternative metoder til ! Eit raskt lite nettsøk gav tips om å strø KANEL i sprekkene.. Nokon som har prøvd ut det? Skadar vel ikkje å prøve, so no luktar det kanel i stova.. Takknemlig for fleire råd-dette var ekkelt synst eg..



Wikipedia:

Reiret til vanlig sukkermaur er oftest anlagt i hager, i jorden, ofte under en større stein, eller annen gjenstand. Det dannes ofte løse tuer av jord over boletet.
Vanlig sukkermaur forekommer ofte i
hus på jakt etter mat. Den finner raskt fram til alt søtt og anlegger gjerne travle maurstier. Det hender at jordmaur etablerer bol i råteskadet treverk innendørs, eller isolasjonen, som f.eks. under baderomsgulv. Maur i bygningsmaterialer er et problem som bør tas alvorlig. Ofte er det jakten på mat som er årsaken til at maur etablerer seg i hus.

Hagens hemmeligheter..















tirsdag 28. april 2009

Dagene rusler og går...mot vår!!


Det er hektiske dager på Kalvaneset om dagen.. Det luktar av vår, og alle mine sansar vaknar til liv saman med naturen rundt meg. .
I dag stillte han opp med ei om mulig enno flottare framsyning enn ellers; friskt lett vårregn som fekk fargane til å eksplodere- heilt fantastisk å køyre til jobb gjennom Fana ein slik vårmorgon! Det luktar av jord, knoppar som brest til irrgrøne blader, av blomar i alle fasonger og
fargar, møkaspreiing på bakkane, ei nydeleg lukt, synst eg, ho minner meg om turar som barn rundt på gården til Farmor og Farfar, med søskenbarn som visste om alle mulige hemmelege gøymestader, og om korhen det var mulig å akkurat nett so vidt klare å hoppe frå låvetaket, og lande mjukt i graset nedforbi... -Katten kom stolt heim med si første musefangst i går- og fekk masse skryt :) Eg synst jo synd i musa-men likar ikkje å ha dei i hus heller...Livets gang.
Ynskjer deg ei frisk og god veke! Ps.Biletet er av meg sjølv i 1974 eller deromkring:)

søndag 5. april 2009

Dei Vakraste Påskeegg fra Søs!

























Søstra mi og nokre gode veninner har fått påskepynt-inspirasjon på jobben, dei laga slike vakre egg på jobbens arbeidstove, og etterpå handla dei inn perler og oppheng hjå Panduro hobby. Og her ser du resultatet av den kreative påskeverkstaden! -Og heldige meg har fått litt av det vakre handarbeidet i huset :) Hjarteleg takk, Søs, og riktig god påske!














Vårlyng kalla dei dette på blomebutikken..Eg lot meg lokke og pyntar med både gult,grønt og lilla til påske!

lørdag 4. april 2009

Vårlig barnebursdag & liv i hagen!

Her i Kalvaneset har våren kome for fullt, det veks i alle krikar og krokar av hagen, eg prøver å ta bilder av alt for å dokumentere for meg sjølv kor alt saman veks. Det beste med hagen her er at den endrar seg gjennom heile året, dei som budde her før har brukt mykje tid og energi på hagen-og det nyt vi godt av!!


Med våren kjem det også bursdagfeiringar på rekke og rad her i huset-KOS!


bake kaker søte..



Krokus i mengder!



Klosterklokkene står vakre i morgonduggen.



Påskeliljene blomstrar




Barna har fått sandkasse, no er det sand i ho og :)



Med ynskje om ei velsigna og god påskeveke!