tirsdag 27. januar 2009

Lysere tider i vente;)











Det går, heldigvis, framover med prosjekta i vårt nye (for oss) hus! Denne helga var det belysning som stod på planen.
Vi tråla heile byen rundt etter lyskilder-og endte opp med fleire lamper fra IKEA og Living ;) So no har vi flytta rundt på spotlights som stod her frå før, dei er kome opp på hemsen og i tvstova. I den vesle hallen og i gangen nede har vi fått opp desse kule (!)lampane fra Ikea, synst dei minner om lampane i gamle skulebygg, og det kan jo to lærarar trivas god med :)
I gangen mellom bada,har vi fått opp desse litt flate men runde lampane frå Living( ja vi har to do tett i tett :) Men dei skal bli til eitt stort baderom når vi har fått gjort vaskerommet i 1.etg om til familiebad med badekar..
Denne søte lampa frå Living er blitt skrivebordslampe her ved pcen , det er forresten her eg sit og skriv;) Forstod ikkje heilt poenget med den lange "tappen" som stakk rett opp av kvar kule, men etter å ha prøvt å stille på kulene etter at dei har lyst ei stud forstod eg poenget, kulene vert nemlig meeeget varme av spotpærene...Men med desse tappane går jo justeringa greitt. -No får eg ta kveld so eg kjem meg opp i morgon tidleg. God natt!

søndag 25. januar 2009

Tur til sjøen&inspirasjon frå GundaM :)


Jada, eg veit det, ikkje so enormt fantasifulle titlar om dagen.. Men det du ser er det du får!
Ikkje noko lureri her:)

Spennande å kikke etter småfisk i vatnet.

Vi har sove lenge i dag, bytta på å vera oppe med dei små, som stod opp i 7 tida, som dei brukar å gjere kvar lørdag &søndag. Men ikkje frivillig i vekedagane, nei. Merkverdigt det der...



Men då alle var oppe og ein herlig søndagsfrukost eten opp, kom vi oss heldigvis ut på tur i det flotte, klare & kalde været. Friskt kan ein sei! Vert so ofte inspirert av deg, GundaM , og dine fantastiske installasjoner & utandørs kunstverk, og måtte berre fram med apparatet for å kunne vise fram denne flotte værbitte & rustne sideveggen på brygga vi gjekk forbi..

Vakkert fargespel i vassflata..

Vi koste oss med sjokolade&appelsinpause i kulden, men fraus skikkelig og etter berre vel ti minutt i ro, måtte vi begynna å gå igjen for å få opp varmen.



Lyset då sola nett hadde gått ned var so blått & vakkert, desse greinene med bittesmå kongler synst eg vert so flotte i dekorasjoner..


Med dette bildet av eføyen som slynger seg omkring hagegjerdene og lagar nydelige små tablå, heilt utan min inngripen, ynskjer eg deg ei riktig fin veke i vente..

fredag 23. januar 2009

Debi Treloar, fredagskveld & huset vårt!




Dette er dessverre ikkje mitt soverom-men kunne godt ønskt meg mitt liknande dette!! Debi Treloar sitt bilde.
Endelig fredag-Vi har kost oss med besøk av tante Marit & yngsteguten hennar på 1 år. Ete pizza og sett Toystory, perfekt fredagskveld med ungane:)


Her er ein collage av huset og hagen vår..

NB. Nokre bilder er frå salgsdokumentet ,innreiinga som er på desse bildene er altså ikkje slik lenger :)

Mannbrann står på farten ut, han skal møte gutta i kveld. Eg skal kose meg her heime med ungane (som straks skal i seng,altså mormor:) mine 3 nye interiørblad som eg har gledd meg til å lese,og drikke te for å forebygge forkjølelsen som er på veg,og kansje et glas rødt eller to etterkvart.



Et av Debies nydelige stilleben..

Har tenkt lenge på å lage eit innlegg om fotograf Debi Treloar, du kan besøke henne på heimesida hennar på denne linken ; http://www.debitreloar.com/ . Ho tek fantastiske bilder-sukk-





Ta ein tur innom henne for meir "øyesnop"på en fredagskveld :) Har lagt inn nokre av mine favorittbilder nederst på sida her...


God fredagskveld i stovene rundt omkring ;)

torsdag 22. januar 2009

Valgets kvaler ved bladhylla..


Er det ein ting eg liksom ikkje kan få nok av, so er det interiørblader... Ja ikkje desse strame, strigla moderne greiene,med sofaer frå 100 000 og oppover.. Men gje meg eit hint av østen, romantikk med kvite blonder, handarbeidstips,litt 5o tals retro og 7o talets varme fargar-og eg e solgt.. Bokstavleg talt.

Sa opp abb på Bonytt for et par år sidan-det vart litt for stuereint for meg :) No er eg trufast abbonnent på Rom 123 og Boligpluss. Liker at det er litt av kvart, tips til ting & tang du lett kan fikse sjølv, mat og handarbeidsoppskrifter eg kan drømme om, og som faktisk, ein sjeldan gong, blir prøvd ut. Desse magasina kjem dettande ned i postkassa- og eg føler at eg burde vore fornøyd med det.

Men eg har altso eit par blad på si. Sånn, no er det sagt. Det har utvikla seg sånn sakte men sikkert, etter fleire turar til sommarhuset i Mora, (midt i dei Svenske skogane, men ikkje so langt frå Siljan og Vanøn, for deg som er kjent.) måtte jo ha litt godt lesestoff desse lange sommarkveldane i ei strømlaust hus. Svensk er jo lett å lese, det føles som om dei ligg nett litt framfor stilane som kjem hit, vi kan bestille frå dei same nettbutikkar, etter tips i blada, og ha sakene i postkassa heime i Norge berre eit par dagar seinare.. Greit nok med ein liten sommarflørt, sånn dann og vann, trøbbelet starta først då eg forstod at dei har funne vegen til Narvesen her heime! Og det blir dyrt i lengden...Kjøpte faktisk heile 4 ekstra julemagasin, har hatt problem med å kome gjennom alle, og fleire av dei inneheldt faktisk same artiklane -med same tipsa. Då kjenner eg meg litt lur(t).
Men nytt år & nye muligheter!! Tenkte at eg skulle velge berre 1 no i januar-men eg går ut av butikken med begge favorittane-gøymt nedi bærenettet slik at ikkje mannbrann skal sjå det, vel heime legg eg dei litt nedi bunken..Uff,ikkje bra dette. Godt at dei berre kjem ut ein gong i månaden-for eg e blitt avhengig :)
Drømhem & trædgård kostar 59 nkr på Narvesen.. Dette skriv dei om seg sjølv;


Drömhem & Trädgård är en varm, inspirerande och härlig livsstilstidning som förenar hemmet och trädgården på ett helt nytt sätt, där helheten vävs ihop i varje reportage. Härliga drömhem, inspirerande trädgårdar och vackra antikviteter. Nya möbler och spännande design. Fina dukningar med läcker mat och underbara blommor som ger hemmet liv.
Hög användbarhet är en extra bonus. Goda råd, praktiska guider och marknadsöversikter. Njutning och service i en oslagbar kombination.
Sukk...(ja, dette skreiv eg,altso)
Lantliv kostar 69 kroner på Narvesen, od dei skriv dette om seg sjølv;



Lantliv är magasinet om en lantlig, lyxig och lustfylld livsstil.
En livsstilstidning för aktiva, moderna människor som vet att det är lyx att bo vackert. Både för oss som bor mitt i stan och för oss som har förverkligat drömmen om att hus i mer lantlig miljö. Lantliv inspirerar dig med härlig inredning, god mat och dryck, underbara resor, vackra trädgårdar, lustfyllt mode och intervjuer med spännande människor.
Sukk igjen-eg klarer ikkje å velge!!! Men tenker i mitt stille sinn at kansje eg kan bruke pengane eg sparer på sukkerkuttet og rettferdigjere kjøpa? Helsing på ein solfyllt torsdag i frå IngridMarie i Bergen

mandag 12. januar 2009

Konkurranse hos Moseplassen;) Frøken Frost



Eg er med i konkurransen hos Moseplassen http://moseplassen.blogspot.com/:) Fristen er 13.januar so den som vil være med må henge seg på !!!


Eg har to frøkner som ville vera med, kan eg be deg velge Anne? Eg har ei frøken her som er godslig og rund i formene, fru Kald med fransklua på snei, ho er av tjukkase snødameslekt... Synst ho hadde so godt eit smil, litt lettkledd, men det er jo ofte desse snødamene ;)



Neste håpefulle deltager er Frøken Solglimt, som viste seg fram for oss på ein fantastisk fin tur innover fjella i Romsdalen. Ho fekk oss til å sjå vinterdagen & frosten frå ei fantastisk flott side, og eg deler henne gjerne med dåke:)



Tvi tvi alle sammen-måtte det beste bilde & den mest sjarmerende frøken Frost vinne :)Kjekt å få vere med!!

Det gror noko i hagen :)

I dag oppdage eg noko vidunderlig i hagen-som fekk meg til å lengte etter varmare dagar..
Nokre ganske bittesmå spirer under vissent løv og bark..Litt tidlig er det jo, enno kan det jo komme fleire kuldeperioder-men likevel!! Det ligg eit løfte om vår og sommar i desse små , irrgrønne spirene!!

Dessutan er eg sant å seie spennt på kva som kjem opp, kva blom det vert, for minstemann fann stor morro her i haust i å dra opp alle lappane med blomebilder på som mor, merkelig nok, hadde sett nedi jorda rundt omkring i hagen :)



Krokus, kansje? Vi får smøre oss med tolmodighet :)
Dette trur eg er påskeliljer...


Trur rett nok at det er blomeløk som spirer, men låner likevel Inger Hagerup sine vakre ord om FRØET! Det seier noko om storheten i dette vesle underet.

Frøet
Jeg ligger bare her og gror
og drikker vann og spiser jord.
Her er så varmt og mørkt og vått.
Her er så fredelig og godt.
I natt kom regnet lett på tå
og banket ganske sakte på.
Det hvisket til meg:
Lille bror,en vakker dag blir du så stor
at du kan løfte taket vekk.
Og i en bitteliten sprekk
vil hele verden åpne seg
og sola smile ned til deg.

fredag 9. januar 2009

Chinakoppar & ynskje om God helg!

Hei og god kveld i stova !
Ville berre visa fram chinakoppane mine, dei er loppefunn frå Fretex og er i syltynt porselen, Kaffien smakar ekstra godt i desse :) Er berre til finbruk-når ungane er i seng! Dei er merka med Import under, men eg anar ingenting om verdien.. For meg er dei verdifulle uansett!


No skal vi nyte ein god kopp kaffi, i dobbelt forstand, saman med nyinnkjøpt Mintsjokolade, sjå Nytt på Nytt og so skal eg kikke litt i Rom 123 som kom i posten i dag :) Riktig god helg!!

torsdag 8. januar 2009

Mmmmm..

Mitt første blogginnlegg i det nye året har ikkje akkurat so mykje glamour over seg-men likevel!
Ryggen har slått seg vrang, og eg går til behandling og er førebels sjukemeldt tom mandag 12.. Med litt ibux innabords går det sånn nokonlunde å komme seg litt rundt i huset, sette på ein klesvask,steike kjøttdeig, zappe på tvn, bla litt i interiørblada eg tenkte å lese i jula, hente og følge i barnehagen-sjølv om det er heilt på grensa av kva eg sikkert burde..Men når 2 åringen står der og hyler so løfte jo mamma opp da veit du, sjølv om han nok veg rundt 18-19 kg no.. osv..

Men eg trur eg har lært leksa mi, om enn på ein vond måte; Passe godt på og stelle bra med meg sjølv-då har du meir å gje i ein hektisk kvardag!!



Var ikkje denne streken berre heilt herlig!!


So ei lita anbefaling frå meg til deg som liker mint, is og sjokolade-Diplomis sin nye DreamYogurtis med mint!! Nam nam! Synd dei lagar boksane so små.. eller kansje det berre er greitt i desse januartider :) Synst streken på designet var so herlig-og fargevalet passa so godt til innhaldet med kvit og grønt. Min vesle lokale "Coop Gule priser"-butikk har fått den i sortementet, so den finnes nok overalt..Løp og kjøp!!