lørdag 28. februar 2009

Bursdag i heimen

Handymannen min fyller år snart, noko vi har feira denne helga med familiebesøk. Søster hans med familie har vore her på vinterferie nokre dagar, og to av mine brødre har vore på kaffibesøk i dag. Minstemann på snart 1 år har sterk eggeallergi, så da må vi tilpasse bakinga litt, synst eg :)



Eggfri sjokoladekake, laga av økonomipakken til langpannekake fra Møllerens :)


Eggefrie muffins med fluffy melisglasur: 1 eggekvite piska stivt,blanda inn melis til ønska konsistens, 1 tskei sitronsaft & konditorfarge. (Lillemann fekk kun smake dei utan melis/egg..)



Litt forsinka, har hatt litt utfordringar med kameraet mitt, men slik feira vi fastelavensøndag her i heimen:) Duken er ekte 70-tals, og kjørlene er Turi-designet Solveig frå Figgjo. Eg brukte for første gong kjøkenmaskina eg har fått av mormora mi, den er gamal,men er stelt fint med og fungerer heilt supert! Eltinga gjekk som ein leik & deigen heva seg til over kanten på bollen! Trur det kanskje er grunnen til at eg ikkje har fått til gjærbakst før, tidlegare resultat med elting for hand har kun resultert i tunge, harde, bittesmå boller..
No vart det luftige og gode boller, om eg må sei det sjølv!

lørdag 21. februar 2009

Ranukler-Min enkle brudebukett!

Sukk-sit i stova & høyrer regnet piske mot rutene.. Det er mykje positivt rund meg no om dagane,vi har det godt og varmt innomhus, eg får lest masse bøker&blad utan å føle at eg burde vore ute i finveret, vi har vener på besøk, Alexander vann GrandPrix, (Hurraaa! Fantastisk vakker song, ja, og herlig sjarmerande gut:) Og ryggen er bedre enn på lenge. Men..Lengtar etter våren! Såg at dei sel ranukler i blomebutikken på Vestkanten no, både i potter og avskårne..Tankane går til Vår,Sol & Sommer, hadde ein fabelaktig flott sommar i 2008!



Dette er min enkle brudebukett fra bryllupet vårt, 08.08.2008..


Det er rett og slett berre ein bukett av langstilka Ranukler-min absolutt yndlingsblom-enkel & likevel full av sjarme:) Tråla land og strand rund for å finne ranuklar, men fekk erfara at tilgongen på sorten i august rett og slett var ikkjeeksisterande..endte derfor opp med eit vakkert eksemplar i stoff:) Søstra mi synst det var heilt forferdelig at eg ikkje skulle ha ekte blomar i buketten, men eg synst ikkje det gjorde det minste. Og buketten står like fin den dag i dag:)
Bilde lånt av Helena på vakre bloggen;






Storesøster i finkjolen-stas å vere brudepike ja!


Tapper liten brudesvenn i varmen-kortar ventetida i hagen :)

fredag 20. februar 2009

Ny nettbutikk!!

Mariefriis!



Denne flinke &tøffe dama inne på herlige bloggen De små tingene i livet har starta butikk med sjølvkomponerte og sjølvlaga hekla luer, og etterkvart kjem desse vakre handlenett mm. til sals. Ta ein kikk hos Marie! Du kan besøke henne her; http://www.mariefriis.com/, og gå direkte til butikken hennar her; http://www.mariefriis.com/?page_id=1680





Eg vil kjøpe meg eit slikt vakkert nett når dei er lagt ut!!

tirsdag 17. februar 2009

Vakre & gode strikkaplagg

Vi er so heldige som har verdens snillaste tante i familien vår! Ho er eigentlig tanta mi, men ho er TanteB også for neste generasjon :) Ho har strikka til meg og mine fire søsken gjennom heile barndomen vår, i tillegg strikka ho til våre fem søskenbarn som ho og er tante til,og no har ho jammen teke i gang med å følge alle våre barn opp med strikka klede og! Det er ikkje blitt få plagg oppigjennom-og vi er utrulig takknemlige for det, kjære TanteB !! Tante flyttar heim til Bergen igjen til våren-noko vi gler oss veldig over! Storesøster sovna med eit smil om munnen her i kveld, ho er svært oppteken av 5-års dagen som nærmar seg (i mars..) og det siste ho sa før ho sovna var; TanteB skal få komme i bursdagen min,mamma.. Større ære finnes vel ikkje i ein 4- (snart 5) årings verden!!
Her er eit bittelite utval;
Genser strikka til søstra mi sin gut-som vi disponerer til Veslebror for tida :)

Trøye til Storesøster med menn og koner på. So skjønn!

Nydelig djupraud heimestrikka selskaps/julekjole til Storesøster! Når ho har den på med kvit pologenser og kvit strømpebukse til blir eg berre so varm om hjartet..

Varme ullsokkar med flettemønster til meg-eg er ein skikkelig frysepinn..


Nydelig prinsessegenser i rosa til Storesøster..


Flott Fanatrøye til Veslebror!

Hjarteleg takk tante!! Vi set stor pris på deg & gler oss over at du snart kjem flyttande nærmare oss!!

søndag 15. februar 2009

Berlin-glimt !

Mykje spennande & gøy embalasje når ein er på tur i "Det store utland". Denne sjokoladen vart kjøpt eine og aleine på grunn av den fine metalleska.. Var faktisk ikkje klar over at det var sjokolade, trudde det var drops i ho..Men sjokoladen var mørk og riktig så god-ikkje noko dårlig kjøp med andre ord:)

Gaver til dei heime måtte jo til- Desse nydelige armbanda vart Storesyster sine, ho var vel førnøgd med det. Mannbrann samlar på slike minibilar i metall, og det ser jammen ut til at Veslebror har arva interessen-so for husfreden skyld vart det ein Trabi-bil til kvar av gutane mine :)



Her er eg på StatsOperCafeen..Kakebordet her er viden kjent; Mmmmmm..Ingen ytterligere kommentarer..

Utan noko samanheng for øvrigt, men:


Ei vekt på U-bahn. Utrulig stilig. Skulle gjerne hatt ho med heim!!



Filmfestivalen begynnte den veka vi kom-so vi måtte jo drive litt kjendisjakt på Potsdamer Platz :)

I Berlin kjentes det ut som våren var her alt... Vi hadde plussgrader, bare grasbakker med grøne skudd, og solglimt alle dagane..



På historisk grunn.. En fot i vest & en i øst.. Sjølv om eg jo har visst det, so vart det heilt nytt & sterkt for meg, at ein by kan bli delt på denne måten, midt inne i eit land, for grensa mellom øst og vest låg jo ikkje her, heile Berlin ligg jo midt i det gamle DDR. Tenk om vi vakna ein dag og fann Bergen delt i to med ein høg mur, og ingen mulighet for å nå slekt og vener, arbeid og butikkar i andre delen..



På markedet ved Hackesche Höfe, kan anbefales på det varmeste, nydelig bydel med sine fantastisk sjarmerande & ofte bittesmå butikker, boliger, kafeer og resturanter..


Her ynskjer eg meg tilbake når rosene blømer!!!!






Ja, dette er Brandenburger Tor anno 2009-No atter ein gong med bebyggelse tett innpå-alt vart reve for å holde oversikt over området kring muren i august 1961..


Riksdagshuset..Med vakre vintertrær i tåka.


Inne i 6.etaseje på kjøpesenteret KaDeWe (KaufHausDesWesten) Er du glad i mat go drikke må du sette av tid her! Senteret er over hundre år gammelt & rommer alt du kan tenke deg (og ikkje engang kan forestille deg !)av matretter, spesialiteter, Smykker, klær,sjokolade og vin mm. Puh-kunne lett brukt ei veke berre her:)


Meget god kinamat-både for auge & gane..


Kjekt om denne vesle smakebiten av Berlin har frista deg til å besøke byen! Eg vil tilbake, skal hente ein koffert eg gløymte der :) Tjihi..

God veke frå IngridMarie

onsdag 11. februar 2009

Seint ute, her er mitt vesle bidrag!

Hei! Eg har akkurat kome heim frå ein fabelaktig flott tur til Berlin, har teke masse flotte bilder, som eg har lagra på mannbrann si maskin, og lyt kome tilbake til i eit seinare innlegg... Men vinterbilder har eg heldigvis her på mi maskin, so eg hiv meg rundt og viser fram min "Frøken Vinterhage inne hjå Anne på Moseplassen :http://moseplassen.blogspot.com/; Mi vakre Frøken Islandur!"
Frøken Islandur, her i eit tenksomt øyeblikk på bakken bak huset vårt for eitpar veker sidan. Ho elskar snøen som har kome no-ho spring hoppande og sprettande ikring, hiv seg overende på bakken og baskar og leikar med alt det deilige, kvite og kalde. Trur det minner henne om heimtraktene!

Sidan eg er i gang viser eg fram litt fleire bilder frå Hagen; Over på den andre sida av gjerdet står det eit vakkert lerketre-det er vakkert heile året rundt..




Eføyen er dekka av snø akkurat no, men snart titter den nok fram igjen, dette bildet vart teke for eit par veker sidan, då vi hadde tørt og fint iskaldt vintervær her i Bergen.



Og det var snøklokker som våga seg fram or vintersøvnen!! No er dei og dekka av eit tjukkt snølag, men eg håpar dei klarar seg under beskyttande greiner med granbar..







Sukk..Er ho ikkje bedårande?! Treet i bakgrunner er eit av dei flottaste eg veit-det ser ut som eit riktig "Sparebanktre-skal ta bilder av det gjennom året slik at du får sjå:) Mvh Ingrid

tirsdag 3. februar 2009

Måtte bli med..6 biletet i 6 mappa

Kanskje ikkje mitt beste bilde, sånn reint teknisk, og med pappa si hand i høgre biledkant... men det har no likevel sin sjarm.. Vi er på sommartur til Farmor og Farfar i Molde, og fekk oppleve ein fantastisk fin sommar - Nett slik eg hugsar frå barndomen:) Sol &bading heile tida. Ja, og sjølvsagt litt mygg, brennmaneter og skrubbsår, men det høyrer jo med:) Dokkevogna er autentisk 70tal, og har gleda mange småjenter oppigjennom, mellom anna dei tre tantene til barna. Storesøster er so stolt-du ser det nesten av holdningen;) Lillebror likte også å kjøre vogna,so det vart litt kiving om henne innimellom..

Hiv deg med du og då, viss du vil vise bilde nr 6 i den 6 mappa di ;)

Mvh IngridMarie

mandag 2. februar 2009

Hurra! Eg vann! Takk GundaM!

Eg måtte berre skrive eit lite innlegg med stor takk til snille GundaM, som deler rundt seg av vakre stemninger, nydelige strengarbeider, vakre skulpturer, gjerne med eit naturprega rusta fargespel, og no altså med den nydelige babyblå Nigella lawson vispen-som eg vann :) Her hjå meg skal den vesle lyseblå Visp få komme i godt selskap med storesøster Sil, som eg fekk av søstra mi til bursdagen i november :)

Litt feiring må til når ein er so heldig å vinne ! Tjihi-eg er ellers Livsnytar med stor L, og finn på noko å feire stadig vekk, synst vi har so mange kvardagar ellers.. I kveld vart det enkelt og greit Spraykrem frå Tine, med sjokoladerisp på... MMMM. Viss du drar kjensel på den litt avlange skeia, so er det ei av fleire skeier eg maste til meg på flyreiser med gamle Braathens Safe :)


Oj-såg først no at bildet, lånt frå Boligfryd, var bittelite, men du får eit inntrykk av kva Sil & Visp det er snakk om ;)


Der var jammen kremen spist, då skal eg krype opp i sofakroken under pleddet, nyte at dei små gullungane søv, husbonden e på fotballtrening, og eg kan endelig få lest litt i nyeboka mi.
Kaldt i Bergen i kveld, kansje eg skal hive ein kubbe i peisen, det vert so skikkelig lunt i huset då.
Ynskjer deg som kikker innom ei fin kveldstund der du er :)