tirsdag 27. juli 2010

Glimt frå "nye" soverommet vårt!



Ikkje so mykje nytt interiørmessig, men jammen vert det heilt annleis med lyse veggar i stadenfor det gule panelet-gler meg alt til å koma heim frå ferien.. Kjekt å kome heim til lyst, ryddigt og fint hus!

torsdag 22. juli 2010

Innimellom regnbygene..




Vi regnar nesten vekk her i Bergen om dagane, men det er vi jo forsåvidt vant til :) Berre so synd at alt regnet kjem midt i ferievekene .. Vi held på med ting & tang i og kring huset-regntøy & støvlar er kjekt å ha! Og vi slepp no å vatna i hagen!



Men innimellom hender det at sola viser seg fram-og då er få stader grønare og vakrare! God sommar til deg der du er, i sol eller regn!

onsdag 14. juli 2010

Prosjektet..

Då har vi alt hatt fri frå jobb ei stund, men det er ikkje blitt "ferie"heilt enno, i forstand av reise, sol og avslapping..




Puh-ikkje berre lett å halda ungane skadefri på ein slik byggeplass, nokre skrubbsår har det blitt.. Men so må dei jo nesten få lov til å snekre litt "som pappa" med minihammer, småspiker og plankebitar..





Og so er det kjekt å sjå at huset tek form, gler meg til vinter med lyst soverom, nytt inngangsparti som no er på "rett side" i forhold til veg og garasje. Ny inngangsdør, sidan den gamle var vindskeiv og trekkfull, og ny terrasse som gjer at vi slepp å få smågrus inn i huset heile tida.





Mitt bidrag i oppussinga har stort sett vore å sysselsette barna, lage mat og prøve å halde dei ikkje direkte involverte romma nokolunde ryddige (og det er ikkje berre berre...) innkjøp og valg av maling, SENSE, i fargen "skumring" som er nesten heilt lys grå. Litt av malinga har eg og stått for, i den grad eg har klart det, med vondt bekken & stor mage.. Med mange kvilar, og god hjelp frå min greie lillebror er rommet blitt ferdig malt :)

torsdag 1. juli 2010

"Gje bort" hjå Den Røde Oase!


Bli med du og! Her er mykje fint å få tak i hjå dei. Du kan kikke inn på Den røde oase via denne linken!


Reglene er som følger :

1 lodd for kommentar på Den Røde Oase.

2 lodd for kommentar og link på din egen blogg.

3 lodd for kommentar, link og følger.


Og trekninga skjer 1.august


Noko godt i vente :)

Superglad !

Snille snille bloggeren på VÅRGLAD, har teke av si tid til å hjelpe meg!

Ho har kopiert opp bruksanvisninga til symaskina si (320, med same manual som denne 310) & sendt henne til meg i posten! Hjarteleg takk!!

Eg har alt funne ut, etter berre 10 min, at eg har A. tredd feil. B sett holdaren for tråden feil veg..C ikkje forstått at knappen for å skifte søm IKKJE skal trykkast inn for å skifte søm.(Trudde kanskje den var ødelagt..) D. sett holdaren for undertråden feil veg..

Hehe. so denne trong eg verkelig :) Til mitt forsvar; Har jo sydd eindel på maskin, men då kun på ei enno eldre Bernina-maskina (som tilhøyrde farmor mi), og den er heilt ulik på dei fleste innstillingar og utformingar.. Dei andre maskinene eg har møtt i jobbsamanheng, 20 år gamle Husquarna, er og ganske ulike..
No treng VÅRGLAD hjelp, med litt teknikk for skifte mellom ulike maler-og som de har forstått er ikkje teknikk mi sterkaste side.. Ber derfor om at denne gode hjelparen min kan få hjelp tilbake,av nokon her inne som kan slikt! Glad og takknemlig helsing frå IngridMarie, her i gong med prøvesøm på maskina :)