søndag 27. juni 2010

Kjenner du denne?


Symaskin ha lenge stått på ynskjelista mi :)
Og no skulle skulen eg jobbar på ha maskinene inn på service.. Då reperatøren såg kva stand dei var i vart vi oppmoda om å byte ut gamle maskiner og invistere i nye.
200 kroner i inbyte kunne han tilby for dei gamle maskinene, og då sa eg at eg gjerne ville behalde ei privat. Og det fekk eg! Med løfte om service ved behov :) Ikkje det verste å bruke 200 kroner på :) Men då eg kom heim og skulle sy litt prøvesøm gjekk det opp for meg at eg ikkje kjenner denne modellen i det heile, og at eg gjerne skulle hatt ei bruksanvisning ! Nokon som tilfeldigvis har denne gamle modellen til Husquarna? SewEasy og 310 Electronic står det på ho. Viss ikkje nokon kjenner til modellen skal eg kontakte reperatøren og høyre om han har nokon bruksanvisning liggjande..
På førehand takk :)

lørdag 26. juni 2010

Morgenstund..

Serviset frå Egersund-74 vart kjøpt på marked ved KarlJohansgt. i Oslo då eg var på jentetur-pruta meg greit ned i pris so det vart eit godt kjøp, og fullt i handbagasjen på heimattvegen.. Serviettane med traktormønster kjem frå Kremmerhuset.

Tidlig start på sommarens første feriedag, med sjuk veslebror som kom opp i senga vår klokka seks i dag tidleg, då ville han sjå barnetv, med 39,9 i feber, ristande og svettande... Ikkje kjekt. Men med febernedsetjande, god saft på drikkeflaska og barnetv vart morgonen ikkje so verst likevel. Fersk nykverna kaffi og Findus sine gode snurrar, frå frysedisken, til tining, og morgonavisa på mor. . Vi satsar på snarleg bedring og ynskjer god helg!

mandag 21. juni 2010

Vi nyt årstida!

Tur utan barn, med bil & ferje rett nok, til vakre Baroniet i Rosendal, treff med venner og spasertur i baronihagen. God mat& drikke (laga av lokale råvarer) fekk vi i det nye, gamle, drivhuset. Absolutt ein "måhamedseg"- aktivitet i sommar!


Herlege dagar med sol og vind, tur med båten og grilling i strandkanten-sukk- kan ein ha det bedre?! Rett nok utrulig travle dagar på jobb, med planarbeid for neste skuleår, rydding av klasserom, tømming av hyller og skuffer, flytting av innventar til nytt rom, sortering av kva som skal takast vare på i permisjonstida mi, vurdering av kva som skal lagrast heime og kva som kan stå på jobb.... Litt for mykje bæring kjenne eg i rygg og bekken no ja, men so er det jo berre to dagar til ferie :)



Og heile tre fiskar fekk vi der...




Då vert det kvile i eit par dagar før vi tek fatt på oppussingsprosjekta : Flytte inngansparti på huset, lage garderobeskap i gang, skifte rekkverk i trappa, lage arbeidsbord på barneromma og sette opp nye hyller..

Puh-men kjenner at det skal bli kjekt å få det på plass! Sjølv om eg innser at eg nok må ta meg mest av barna, og la mannbrand ta dei tyngste løfta..



Is gjer godt i varmen ;)



søndag 20. juni 2010

Fabelaktig nettbutikk!

Bildet er Linda på Plonka sitt-Ps.Fekk ikkje til å sende deg mail for å spørre, Linda, men vonar at det er ok at eg låner bildet ditt :)

Fekk eit tips om denne flotte butikken til Linda på Epla ; Plonka !

Fresht 60 og 70-tals inspirert med vakre puter, musematter, toalettvesker med mer i retro mønster.. Du kan kikke sjølv her på denne linken; http://epla.no/shops/plonka/
Sjølv har eg tenkt meg innom litt seinare i kveld og bestille ei slik rund blomstrete musematte... I gåve til meg sjølv :)



onsdag 16. juni 2010

God hjelp i hagearbeidet :)

¨
Flinke store jenta vår, snart skulejente! Ho vatnar og steller med plantene :) God med kald drikke-ikkje berre blomane som treng å slukke tørsten i varmen!


Eige bed har begge barna fått seg, her tek Storesøster snarvegen opp til sitt!




Lenge sidan forrige innlegg no... det tek på kreftene å vera med veksande mage, jobb og 2 aktive gode ungar. Men dette er jo mitt vesle kreative prosjekt-som eg gjerne vil prioritera :)

Om blogginga har lagt litt nede so har ikkje aktiviteten på heimebane vore laber: Vi har planta og ordna i hagen. So no veks pelargonia, erteplantene, gulerøtene og magen min for kvar dag !