fredag 26. mars 2010

Fat i spreke farger fra Rice

Eg får aldri nok plastkoppar eller fat, so kjekt å ha med på grilling i hagen, søndagstur med båten eller berre dekke eit morsomt bord heime. Desse søte fata i spreke fargar kjem frå Rice og er som dei vårlige serviettane kjøpt på Herlighet i Ålesund. 79.90 for seks fat i pakka. Gler meg til rolege vårdagar med småpusling i hus&hage!



mandag 22. mars 2010

Tøflar frå Miss Ètoile!









Eg har ei tid gått og kikka på desse lekre, men litt grovstrikka, rosa tøflane frå Lisbeth Dahl, og kom over dei då vi var innom Moa senter i Ålesund i vinterferien. Min "måberreinnombutikk" nr 1 ; Tante Brun var litt forandra sidan sist, frå interiør til meir klær og tekstiler, og der fann eg desse rosa tøflane eg hadde sett etter. 149-, Men like ved kassa kom eg over desse delikate håndstrikka frå Miss Ètoile, til 199-, og då vart det kvite tøflar på meg i staden :) (dei var og å få i grått) Herlege på for den som er litt frostig av seg :)

søndag 21. mars 2010

Påskepynt frå Åhlens!




Skulle eigentleg innom Lagunen i eit heilt anna ærend (linsekontroll ) då eg gjekk forbi eit utstillingsvindu som hadde dei lekraste påskeegg, kjøkenhandkle med kyllingar og egg mm. Måtte dermed leggja inn eit aldri so lite stopp hjå Åhlens, og snopa litt. Ikkje det at eg manglar påskepynt, to esker fulle. Men samtidig som det er stas å finne fram den gode gamle pynten er det jo kjekt å ha litt nytt av året. Ikkje kosta det allverden heller. Her kjem argumenta i fleng :)

Kvistane med selje og bjørk kjem frå hagen, og sidan eg ikkje hadde nokon passande vase tok eg rett og slett å kledde denne med rosa og kvitprikkete hyllepapir frå Chlas Olson.

fredag 19. mars 2010

Påske-kalender!


Glimt frå den vakre påskekalenderen min ; Som eg vart den stolte eigar av for kr 29.90. Kjøpt i rundellen ved hovedinngangen på Lagunen. Har ikkje heilt forstått kva for dag vi skal starte å opne luker... 10 luker med sjokolade har den, so den dekker vel dagane fram mot Påskedag tenkjer eg ?


Påskeharar og egg i fleng.. Litt glansbildenostalgi over den-og sjokoladen inni er jo heller ikkje å forakta!

Laga av Storesøster snart 6 år..

Barna hjelpe te med å pynte til påske ;) Flotte fargesterke teikningar kjem med heim kvar dag frå barnehagen.


Fargelagt av Lillebror (snart 4 år) som skal bli storebror til sommaren :)




Appelsinkos !






torsdag 18. mars 2010

Blomster små, gule, blå..




Det smeltar kring huset, og i le av vinden titter det allerede opp kvite, gule og blå skudd :) O lykke !







søndag 14. mars 2010

Toget går!


Pappa har funne fram sitt gamle elektriske togsett frå då han var liten, til stor begeistring for ungane, og pappa sjølv :)
Vi(les mannbrand)har hatt opprydding på maskina i helga, so fleire bilder vart det ikkje i dag, før eg finn ut kor han har "gøymt" dei.. God veke til deg!

onsdag 3. mars 2010

Hurra-det kjem regn!


Ikkje akkurat eit typisk utrykk for ein vestlending, men so har jo heller ikkje denne vinteren vore som vanleg.. Men fleire naboar og vener som har levd i vekesvis med frosne vannrør, og iskalde hus utan fyringsmuligheter, er eg glad for at dei no melder regn-og mildvær! Om ikkje det vårast so mykje ute enno, so kan ein jo prise våren inne :)



Har kjøpt meg nydelege fyllte små narsisser, påskeliljer. Dei har ei utrulig god duft! Set dei inn om natta, av frykt for at dei skal fryse, og ut i vårsola om dagen.






Desse vakre blomane på amaryllis-planta mi er eg særs stolt over- det er ikkje so ofte eg får noko både til å bløme-og til å halda på blomane ei stund, innomhus!! Denne planten er kjøpt på Gardsutsalet på Stend Jordbruksskule- og det er stort sett plantar som kjem derifrå eg klarar å få til-dei er nok hardføre og sterke, og ikkje innom so mange stadar på vegen frå produsent til forbrukar :)





Det har byrja å smelte litt kring hushjørna, og eg gler meg til det kjem opp blomar frå alle dei hundrevis av løkane som forrige eigar har sett ned. Nokre satte eg sjølv ned i haust- vert spennande å sjå kva som kjem opp!



Og tenk,no viser kalenderen mars! -So trass i at vinteren held taket enno, er ikkje våren langt unna!