lørdag 27. februar 2010

Kaffekos & tolmodighetsprøve..

Mitt gamle Figgjoservise er ofte i bruk, synst den enkle blomedekoren er so flott!


Koseleg kort frå barnehagen, og eit eg fekk med ein blome kjøpt på Nesttun.




Har nesten gitt opp heile Blogger her no, tek utrulig lang tid å logge ned bilder.. Kan jo vere noko med nettet inn til huset her også sjølvsagt.. Derfor vert det berre dette vesle glimtet av kaffikos i Kalvaneset denne gongen ! Prøver igjen, om litt :)

torsdag 18. februar 2010

Retro-ugle.. Sy eller kjøpe?





Som ein av dei heldige som vaks opp på det gode trygge 70-talet, er eg glad i store mønster og sterke fargar, alt som minner om den tida varmar meg om hjartet..
Hm, kunne jo vore enkelt og greit å kjøpe denne herlige ugleputen på nettbutikken til Toispann.no til kr 399,- Dei er verdt eit besøk, der finnes utrulig mykje fint!




Men den kreative delen av meg seier at eg burde jo kunne sy ei tilsvarande sjølv :) Nokon som har erfaring med å sy ugler? Mønsteret ser jo ganske enkelt ut, kanskje eg lyt til å tegne eit sjølv.. Stoffbitar eg har liggande frå før kan eg jo bruke, so blir det ei ugle som ingen har akkurat maken til :) Og det er jo gøy!
Fortsettelse fylgjer..



søndag 7. februar 2010

Lykke er.. eit lite skeisevatn på Paradis..



I dag har vi gått på skeiser på eit lite vatn like ved Paradis.. Ja, det heiter faktisk det!
Storesøster fekk seg skeiser til jul, danseskøyter, som ho kallar dei :) Lillebror fekk seg hockeyskeiser på lørdag, kan jo ikkje la det vere skilnad. Vi koste oss med masse pausar, nysteike vaflar (steikt ved hjelp av ein veeeldig lang skøyteledning, hehe!) saft og kaffi i vintersola, saman med venner.


Hestane kosar seg og i vintersola, dei spring bortover bakkane og veltar seg i snøen :) Vi koste oss også med ski på beina, og akebrett i bakkane.





God ny veke!