lørdag 27. juni 2009

Venter på min nye baby..Nikond60 :)


Lite blogging på meg i varmen.. Men er innom og les hjå dåke andre :) Det digitale canonkameraet mitt tok kveld for ei god stund sidan, og eg har vore so heldig å få låne eit heilt til no. Det vart levert tilbake på mandag, for no er eg berre dagar unna mitt nye Nikon d60, eit aldeles herligt digitalt speilreflekskamera, som ligg godt i handa og har alt av finesser eg treng.. Rett nok utan vr, men det har vel Nikon aldri hatt? Mannbrand har eit Nikon speglreflekskamera frå tidlegare, med god gamaldags film, og no kan vi bruke dei same linsene :) Gler meg til å ta fatt på fotografering igjen, savnar det alt! Vi nyt dei første dagane med ferie,is og sykkelturar med ungane, dei badar i plaskebasseng i hagen eller vi spaserer ned til stranda, grilling saman med vener og familie osv.. Herligt! Ellers so går det i førebuing til oppussing i huset desse dagane-skal kome att med bilder når kameraet er på plass :)

mandag 22. juni 2009

Modne blåbær, blomster og tegning til mor :)

Årets aller første modne blåbær-plukket av ivrige små barnehender rett utanfor huset vårt. So no er det blålilla tunge, munn og hender på store og små her i huset:)

Har endelig fått tak i stiklinger til pelargoniaen "Dronnin g Ingrid", med sine nydelige sarte rosatoner. Dei var utselt over heile Bergen, hadde visst vore liten produksjon i år meinte dei på ei blomeforetning i Laguneparken. Men på Stend jordbruksskole hadde dei ei morplante som dei solgte stiklingar av. Jippi!! I påvente av at dei skal blomstre har eg kjøpt meg nokre i litt andre rosatoner og eit par kvite.
Denne planten veks det mykje av i hagen, men eg kjenner ikkje til sorten frå før. Det er sikkert ein vanleg hageblom-kan nokon hjelpe meg med navnet?!


I barnehagen vert det til mi store glede lagt vekt på teiking og ikkje berre på fargelegging :) Og storesøster kjem ofte heim med produksjonen. Denne nydelege teikninga fekk eg på fredag. Gjett kven desse to fine jentene er då !?

torsdag 18. juni 2009

Sommereventyr i hagen-enkelt og greitt!

Det er ikkje alltid dei heilt store invisteringane som skal til.. Barna og eg har laga vårt eige sommareventyr i hagen! Oppskrift på Drømmehage(Kan godt overførast til altan eller takterasse også): To stk myggnett frå IKEA, ei fantastisk flott disse-grein,litt ymse av tepper og puter vi hadde frå før, sol og sommer..Voila!!





Nett i dag fell det regndråpar over Krokeide, men drømmehagen er lett å demontere, og blir rydda inn kvar kveld og ut att kvar soldag..

onsdag 10. juni 2009

Konkurranse hjå Anne på Moseplassen!


Anne på Moseplassen set trufast i gang neste konkurranse-denne gongen er det Frøken Stemorsblom det gjelder. Knips dine eller naboen sine og bli med du og! Du finn meir info her: Moseplassen.


Her er mi Frøken; Frøken Bonusmamma :) Synes at dette er ein vakker og sterk liten blom som ikkje alltid får nok merksemd i ein bugnande hage.. So her kjem vel fortent ros til Frøken Bonusmamma; Sterk og vakker, beskyttaren til dei små,flink til å organisere og med eit stort hjarte som elsker høgt. Som alle bonusmammaer eg kjenner;)

Georginer og litt nytt fra Plantasjen:)

Dagane fyker avgårde og det nærmar seg terminavslutning på jobb, med alt det bringer med seg av planlegging for neste skoleår, legging av vekeplanar, mine og dine planar, testar, rettingar, statestikkføringar, korøvingar, opptredener, idrettsdag, leikedag, repitisjonar og innstramming av ro og orden :) Kjekke dagar, sjølv det går i eitt. Men denne helga tek vi toget til Tigerstaden og helsar på familien i Asker. Gler meg storveis til det! Ha ei fin veke du som kikker innom her:)
Nydelig hagesett i isblått, ein av mine favorittfargar , til 59 kroner på Plantasjen.. Ja, no har eg jo hageutstyr frå før, men dette kjem eg nok til å bruke flittigt. Det gamle kan eg kanskje donere til hagegruppa på jobben, tenker eg!


Fargerikt kostesett frå Plantasjen til kroner 49.50. Det gamle er begynt å ruste slik, at dette innkjøpet godt kan forsvarast ;)





Slik står georginene heime hos oss om dagen. Har ikkje vore so begeistra for denne blomen alltid, men eg får berre meir og meir sansen :) Vakker, synst eg.






fredag 5. juni 2009

Søker Dronning Ingrid, nær Bergen..

Bildet lånt frå BoGrønt si webside..
-Har du sett Dronning Ingrid?

Ønsker meg so veldig desse vakre svale rosafarga pelargoniane.. Dei får meg til å tenke på sommar, sol & ferie..I Danmark finn du dei vakre gammelrosa blomane overalt, men her har eg hittil kun funne dei i skarp rosa, og det blir ikkje heilt det same synst eg.. Kunne jo prøvd meg på å dyrka dei fram frå frø, men det toget har vel gått for i år? Ser dei for meg i robuste krukker på terassane, i vindaugskarmane og ute i hagen. Blir veldig glad for tips dersom dei e blitt sett av deg, helst nær Bergen :)



Bildet er lånt fra www.pelargonia.no

onsdag 3. juni 2009

livsvisdom på en onsdag



Foto lånt av Debi Treloar, som tar nydelig vakre bilder, inne og ute. Godt for humøret det og!

I dag er ryggen vond, og humøret litt deretter.. Men kom meg litt i humøret, om ikkje i ryggen, då eg las desse vakre og viktige "Instruksjoner for Livet". Deler dei gjerne med deg!


1. Gi mennesker mer enn hva de forventer seg og gjør det fordi du liker det.
2. Tro ikke på alt du hører, spander ikke alt du får og sov ikke så mye som du skulle ønske.


3. Når du sier: ‘ Jeg elsker deg’, si det med mening.
4. Når du sier: ‘Jeg er lei meg’, se personen i øynene.
5. Tro på kjærlighet ved første øyekast.
6. Elsk dypt og lidenskapelig. Du kan bli såret, men det er den eneste måten å leve livet komplett.


7. Forulemp ikke!

8. Snakk sakte, men tenk fort…

9. Om noen stiller et spørsmål som du ikke vil svare på, le og spør heller: ‘Hvorfor vil du vite det?’

10. Si prosit når du hører noen nyser.
11. La ikke en liten misforståelse ødelegge et godt vennskap.


12. Når du oppdager at du gjort en feil, rett det opp med en gang.
13. Le når du svarer i telefonen, den som ringer hører at du ler )
14. Bruk litt tid alene.
15. Åpne ditt fang for forandringer, men gi ikke slipp på dine verdier.16. Husk at stillhet er det beste svaret enkelte ganger.


17. Lev et bra og verdifullt liv.

18. Når du blir gammel og minnes det som har vært, kan du nyte livet for andre gang…
19. Tro på mennesker, men lås alltid bilen din.


20. Del det du vet. Det er en måte å oppnå udødelighet på.

21. Avbryt aldri noen som begynner å vise deg sin fortrolighet.

22. Dra til en plass du aldri har vært en gang i året.

23. Om du tjener mye penger, invester dem for å hjelpe andre mens de fortsatt lever.

24. Lær deg alle reglene, og bryt noen.


25. Nærme deg kjøkkenet og kjærligheten med djervhet…