tirsdag 31. august 2010

Nytt snop frå BlafreDesign & Tinkafu!

Ja, lenge sidan sist!! Barn i magen, kombinert med ferie, gir seg utslag i laber aktivitet på bloggfronten, men no er permisjonen i gang, og det roar seg litt ned her heime :) Må dessutan ta det roligt om dagen og forsøke å holde blodtrykket nede.
Men i dag etter levering på skole og i barnehage tok eg meg ein tur til Nesttun. Planen var å få tak i Myggnetting til barnevogn. Har rota vekk eller lånt vekk det gamle, og hugsar ikkje til kven. No hadde eg sett eit frå Tinkafu, med rosa prinsessekroner, og då duger det jo ikkje med eit ordinært svart eller kvitt til under halve prisen. Hm. Vel, det får no so vere, når eg tek i bruk att den gode gamle Simovogna mi, som har vore brukt til fire barn, får eg vel spandere eit nytt myggnett :) Fann det på Biteringen til 298.-


På Nesttun har dei mellom anna ein flott barnebutikk, Mitt Rom, som bugnar over av kreative gåveidear, klær og bruksting til barn. Dei hadde fått inn dei nye termosane til Blafre, har kikka på dei ei stund, og med tanke på fine haustturar med kakao i sekken vart det kjøpt inn ein til både Storesøster og (snart) Storebror:



Med ynskje om ei fin haustveke!!