fredag 26. august 2011

Pippigenser fra GinaTricot!



Hurraaaa!!! Har prøvd fleire gonger på å få bestille fra GinaTricot nettside, men denne genseren låg kun ein dag, og so var den utsolgt... Skreiv mail og etterlyste den, og no er den inne igjen!! Skunda meg å legge inn bestilling! Såg den i fleire svenske magasin i sommar, på ferieturen vår, og vart heilt betatt. Heiter eigentlig "Gotlandsk Fiskartrøya", og er ei tradisjonell svensk oppskrift.
Denne genseren bringer med seg gode barndomsminner fra Pippifilmene(sjølv om eg rett nok var temmelig redd Pippi dei første gongane eg såg filmane, fordi ho gjorde so mykje rart, og dei voksne måtte bli sinte på henne)so no når eg fekk sjangsen synst eg det var 300 godt anvendte norske kroner :) Her finst strikkeoppskrifter, for den som heller vil lage sin eigen, men med ny jobb, baby og barn i barnehage og sfo, er eg glad for muligheten til å kjøpe ein ferdig :) Ser for meg at eg kjem til å krype ofte inn i denne utover hausten! God haust frå meg!