mandag 16. mai 2011

Heimelaga is til 17.mai?!



Det nærmar seg nasjonaldag med raske steg! Og 17.mai feiring og is høyrer saman som hand i hanske! Om det blir sol eller regn i morgon, is må ein berre ha!! Du kan lage denne her, som eg fann hjå Tine, eller gjere som meg og kjøpe ferdige kroneis på butikken ;) Ikkje heilt same stasen, men med baby i huset vart det kjøpeis i år, med veldig god samvittighet ;) God 17.mai til liten og stor, med masse is, pølse, rømmegraut og KOS!

fredag 6. mai 2011

Løvetann; bli glad i dei-eller kjempe imot!?

Etter å ha ignorert dei små gule nøsta i heile fjor sommar, oppdaga eg plutselig at dei kikker fram OVERALT i hagen i år... Hm. So no hadde eg valgets kvaler om eg skulle bestemme meg for å like dei, eller ta opp kampen...Synst jo eigentlig dei er koselige, iallefall når dei blir plukka av ei lita lubben barnehand,og gitt til mor :)








Men det er jo synd om dei tek næring frå alt det andre vakre som veks i hagen! So i vår har eg gått for å spa dei opp med rot! Med verkande rygg og vannblemmer i hendene som resultat, men du verden kor terapautisk det virkar å sjå at det minkar på dei!

Bursdag i huset!









Da har vi fått oss ein 5 åring i huset :) 5-årsdagen vert feira med besøk fleire dagar til ende! Dagens Transformer-kid har sjølv bestemt kakesortene og vore med på bakinga. Koselig fest & fornøyd gut!