mandag 24. januar 2011

Den store barnedåpen !

So var minstejenta vår døypt!
Ein fin og minnerik dag
- med slekt og vener samla til fest.
Her er nokre små glimt;

Dåpskjolen har søstra mi sydd, og alle våre tre barn er døypt i same kjolen :)



Dåpsteppet, som vi er so heldige å ha i slekta, er sydd i Hardangersøm, og det har underteppe i blått og rosa, slik at det passar til både jenter og gutar.. Det er tett mellom fødslane & dåpane for tida :) Nevøen min vart døypt 14.november, so vår jente den 2 januar, og niesa mi skal døypast i februar-so her går det unna :)



Planen var å lage dåpskaka sjølv, men etter mislykka forsøk med å få heile ringar ut av formene, fall valget på denne fra Hardanger Bakeri. Eg gjer ikkje opp-har fått tips om å spraye ringane med fett, og drysse på mel.. då skal ringane berre dette ut av formene..


Heldige jenta som fekk mange fine helsingar til dåpen.