torsdag 30. oktober 2008

Krystallklare dagar her i vest.
















Krystallklare dagar, ja no er det haust.
Sola står lavt på himmelen i aust.


Bladene gulner på busker og trær,
no kan vi plukker frukter og bær.


Røyksopp og risker og små kantareller,
rognebær, nøtter og ville moreller..


Sola den gløder på himmelen i aust,
krystallklare dagar, no er det haust.


Orda er lånt av ANNE-LISE GJERDRUM.

onsdag 29. oktober 2008

Morsrolla, eller dårlig samvit om du vil :)

Da har eg endeleg fått gjort noko med den lilla lappen som har hengt til spott og spe på minsten sin plass i barnehagen..den der det står"-Mangler strikk på regnbuksa". Sukk.. Det er nytt for meg dette her, ungane er starta i ein ny barnehage der dei er mykje meir ute enn i den gamle barnehagen.. Det er jo SUPERFLOTT d! Men det slites jo meir på tøyet, tydeligvis, for denne meldinga har eg aldri fått før.. Okei, eg forstår jo veldig godt at det er lurt med strikk på regntøyet, slik under skoen du veit, men når det er blitt fredag ettermiddag og KOR I ALL VERDEN SEL DEI SLIK STRIKK? Lørdag var vi på tur i skogen og då vi kom tilbake til sivilisasjonen var det kun dagligvarer å få kjøpt.. og KVA HEITER SLIK STRIKK EGENTLIG DÅ?, og er det noko alle mødre med respekt for seg sjølv og morsrolla har i hus til eikvar tid? Eg drog med meg regnbuksa frå dagligvarebutikk til dagligvarebutikk på leiting etter "ein slik strikk som dette, sel de det?" Løysing vart det ikkje før i går ettermiddag, på veg heim frå barnehagen med sure og trøtte ungar, etter å ha blitt opplyst av ei vennlig sjel om at det rett og slett er BUKSESTRIKK, kom dumpande inn med to hylande ungaer på Prinsess på Lagunen Storsenter... Ja, det har vi, kor mange pakkar treng du?!

Eg kjøpte tre pakkar eg..a 2 meter-so no skal vi ikkje gå tom med det første:)
So fekk eg låne symaskin på jobb, sydd strikken fast i dei buksene som hadde mista knappen som desse buksestrikka vanlegvis festes i, og idag kunne eg stolt senda ungane i veg i med to heile regnsett kvar :)
Pus gav meg ein hjelpande pote undervegs ;)










tirsdag 28. oktober 2008

Adelè Lerche`s Sy og håndarbeidsbok 1963..







Kom over denne (for meg iallefall..)skatten då eg rydda på tekstilrommet på jobben i dag! Her er fullt av flotte oppskrifter! Fann mykje kuriøsiteter og, som for eksempel "Lærebok i kvindelig sløyd".. Der var sy og strikkeoppskrifter, samt oppskrifter på ulike måter å bøte slitt tøy på mm.. Andre tider,ja heldigvis, på likestillingsfronten,-men kansje vi har litt å lære av den tidens nøysomhet-både gutter og jenter?!
Eksempel på knytting!
Ulike sting ein kan pynte med..
Det dukker kansje opp fleire oppskrifter frå boka når eg har lese meir i ho:) Ha ein fin kveld!

mandag 27. oktober 2008

"Minnebok"

Eg fekk det so for meg at det nærast er små minnebøker vi skriv her... Gler meg over alle hyggelige kommentarer og stor takk til dåke for hyggelige blogger eg kan få besøke, særlig no som eg er midtimellom interiørblad..venter og venter men ikkje noko Boligpluss i dag heller..

Her har det gått i hosting og harking i dag-sov fire (!) timer i strekk etter å ha levert barna i barnehagen.. Feberen er på retur, og det har gjort godt å kvile. Håper å være på beina att i morgon! Med kyllingsuppe og paracet innabords kjem kreftene tilbake-og blogglysta! Her er bilda eg lova å vise frå siste loppistur;) No har eg sjølvpålagt loppisforbud, med unntak om dersom deler til Figgjosamleserviset mitt på mystisk vis skulle dukke opp då :)
Nydelige 70-talsmønstre stoff for en tier..

Steltonkanna har fått ein kul 70-tals termos til 5 kroner å dele hylle med.
Nokre flotte vevde dukar, og ein liten hekla duk som eg berre "måtte" ha fekk eg for ein symbolsk sum.


Enno ein sjarmerande duk med trykt mønster på.
Eg som nesten ikkje eigde ein einaste duk frå før!


Nye gamle deler til Skaugumbestikk fekk eg for ti kroner.
Alt i alt ein hyggelig loppisdag;)
Ynskjer deg ei frisk og fin haustveke!
Varm helsing ingridmarie





søndag 26. oktober 2008

Kreativitet;)




Idag er det barna som har stått i sentrum- og i fokus for kreativiteten her i huset ;) Vi har pusla på i hagen-raka løv og sett vekk hagemøblane for vinteren-sukk. Litt vemodigt igrunn.. Her er nokre av resultata frå dagens male med vannfarger-økt!





Mor sjølv var på loppis i går-du skal få sjå fangsten straks eg har fått teke greie bilder!
Godt vi har fått ein ekstra time å sove på i morgon-no roper 4-åringen på maaammma fra senga ,igjen... No går mor sjølv i seng-trur eg brygger på ein forkjølelse.. Med ynskje om ei fin veke fra, ei litt redusert,ingridmarie :)

torsdag 23. oktober 2008

Innekos i hauststormen..

I dag er det ikkje anna å gjere enn å kose seg innomhus her i Bergen.. Folk prater om 5årsstorm og flom, eg merka no mest til vind og mykje vatn i gatene pga tette kumlokk:)

Glad vi kom oss vel heim frå jobb&Barnehage alle, to vannplaningar er nok på ein dag synst eg.. Heldigvis hadde eg god nok avstand til bilen framfor-og takk og pris for at eg ikkje holdt stor fart. Kombinasjonen bil, mykje vatn i vegen og brustein er ikkje den beste?!
No skal eg roe nervene med ein god kopp Pukka-te, kjøpt på Berthas Oldebarn på Sletten Senter, og boka eg held på å lese i.. Hadde jo tenkt meg på salget til Tilbords på Midtun i dag, men brukte so lang tid ut av sentrum i dag at eg gav opp-Kansje i morgon? Men mi kjære søster ringte i stad-ho har inne ei bestilling på Boligfryd og lurte på om eg ville dele porto:) So då blir det litt julegavehandling i dag likevel!




Ynskjer dåke ein varm, tørr og god kveld, jenter!

tirsdag 21. oktober 2008

Oppskrift lyse kakemenn!

3/4 l melk

750 gr sukker
225 gr smør
60 gr hjortesalt (6 ts)
ca 1800 gr mel





Smelt smøret og ta oppi melk, sukker og hjortesalt. (haaatsjoo)
Bland i mel til deigen føles passe fast.
Hell deigen på bordet og kna deigen godt sammen.
Kjevle så ut ca 5 mm tykk.
Mer mel hvis for løs deig.
Kjevle ut og trykk ut kakemenner og hjerter, stjerner osv.
NB: Masse fine former å få tak i i butikkene nå!!
Denne deigen skal brukes med en gang og ikke stå.
Steik ca 10-15 min i 225 gr midt i ovnen.
Følg godt med for dei er ikke gode viss dei blir brent!
Jada-det har eg sjølvsagt prøvd ut, haha..


Dette blir mange gode myke kaker!
Oppskriften kan godt halveres , men her hos oss går vi fort tom, ler :)


Her er ei alternativ oppskrift,viss det er noko du ikkje toler i den første! Den har eg ikkje testa sjølv enno, men trygge kilder seier at den òg skal være god..




140g margarin
2 dl Sukker
5 dråper sitronessens
2 dl Vikingmelk
1 1/2 dl Potetmel
7 dl Hvetemel
2 ts Bakepulver

Rør smør og sukker hvitt. Bland potetmel med mel og bakepulver og bland det i deigen vekselsvis med melken. Tilsett sitronessensen. Steikes ved 175 grader i ca. 8 min.

mandag 20. oktober 2008

Julemennene har inntatt heimen..

Eg innrømme det først som sist- det er slettes ikkje første posen med kakemenn som har blitt med heim frå coop denne hausten-og det blir nok heller ikkje dei siste ;) Ungane storkose seg med dei søte kakene-og vi lar dei gjere det når vi drikk kaffi etter middag..
Bruker å vente til november med å bake sjølv- denne førjulstida tenkjer eg at eg nok får god hjelp av små hender (..og slikkmunner) med baking og smaking:) Finnes det noko kjekkare ein våt haustdag!? Her kosar kakemennene seg på turkist blondefat og kjøkenhandkle/liten duk frå SøstreneGrene:)

søndag 19. oktober 2008

"Snop" frå samlermessa i helga :)

Vart ikkje so mange kupp denne gongen-mest samlarar der og då vert saker og ting fort dyrt...

Ingen retrostoff å få tak i heller-men det kjem vel fleire muligheter tenkjer eg!
Men nokre små skattar fann eg-Daisy frå Figgjo Flint har eg sett etter lenge, men det er nesten urå å få tak i... I dag vart det to søte skåler til sukker, syltetøy eller kansje helst godis;)












Lita skål i det søte Maja-mønsteret frå Figgjo fekk eg med på kjøpet :)











"Safran" og frå Figgjo Flint, har eg samla på lenge-og i dag fekk eg både sukkerskåla med lokk og fløtemugga for ein liten hundrelapp.












Snop i nyskåla;)

lørdag 18. oktober 2008

Frå vår sommerheim!

Sitter her i haustkvelden med pledd, tente lys i lykter og staker, snart film på tv,
kaffe og godis i vakre "nye" Daysy-skåler:) Koser meg med interiørblader og bok,
skulle gjerne vist bilder av funna frå messa vi var på i dag-men må ta bilder i dagslys ,fordi kameraet tar elendige bilder i lampelys og enda verre bilder med blits :)
Viser dåke derfor nokre bilder fra sommerhuset i Sverige! Gler meg alt til vi skal bortover igjen! Sukk!!
Ha ein herlig laurdagskveld!
Frå stova..

Frå tunet med brønnen i bakgrunnen..

Frå tunet med jordkjellaren/kjølerommet i bakgrunnen.


Spennande å få dra opp vatn med onkel og søskenbarn:)


Han far slapper av med kaffe og bok i kjøkenbenken.


fredag 17. oktober 2008

Cathrineholm..


Tenkte eg ville vise fram min flottaste Cathrineholm kjele-er alltid på jakt etter Cathrineholm, til en overkommelig pris då :)

Skal på messe i helga-håper å finne noko der :)

God helg og god "jakt"til dåke som skal på marked!

torsdag 16. oktober 2008

Mitt lille vakre vers;)

Her kan du lese mitt lille bidrag til Vibeke sin dikt&verskonkuranse;)
Her kjem mitt absolutte yndlingsdikt, det er skrevet av Andre Bjerke til dattera Vilde då ho kun var få timar gammel.. Endå større vart diktet då eg sjølv fekk oppleve det store underet å bli mamma for nokre år sidan!
"Det største mysterium er ikke mer enn det:

At en ørliten kropp er våknet til jorden.

Den nyfødte ser. To luker i himmelen går opp.


Selv fem-trinns-raketter og kjernefysikk

blir puslingers puslespill

når det nyfødte barn med et eneste blikk

beviser at Gud er til."



Her er mine to gullunger då dei var bittesmå:) Helsing i natta til deg som les, frå ingridmarie


Lånte et par vakre ord frå Vibekes kommentarer, håper eg får tilgjeving for det,Vibeke!

"Husk at glemme bagateller. Husk at nemme hvad det gælder. Husk at elske, mens du tør det. Husk at leve, mens du gør det". Piet Hein


Så blir de stående disse tre: Tro, håp og kjærlighet. Men størst blant dem er kjærligheten.

Å leve er ikke nok. Solskinn, frihet og en liten blomst må en ha. (H.C. Andersen)

tirsdag 14. oktober 2008

Stort &smått frå handleturen!

Lova jo å komme tilbake til shoppingrunden som vi sovidt rakk etter treffet.
Tenk å klare å finne SO MYKJE i så få butikkar-og på so lita tid ;)
Mange stader har dei fått inn julesaker..
-og då er det mykje som fristar...
Her kan du sjå:

Søte bånd og nostalgiske bokser til td julekaker/pynt frå Kremmerhuset, Bergen Storsenter!

Søt kalender med magnet frå same stad!

Nydelig lita stettskål med klokke til sjokolade, eller smykker? Glasskrukke til pepperkaker!

Nydelig metallboks til juleposten! Òg frå Kremmerhuset.

Motivet på genseren eg kjøpte til meg sjølv på ONLY Lagunen.
Minner om ein genser eg gjekk i på 70-talet eingong ;)


Søte band til julegaver eller berre til pynt!

Og sist-men ikkje minst...
Den lyseblå STELTON kaffikanna som
eg har lengta etter i et par år fekk endelig bli med heim :)
Sukk-veit jo at lukka ikkje kan kjøpast for pengar
-Men denne kanna e berre fiiin,synst eg!

mandag 13. oktober 2008

Lånte fjær :)


Her går det i legging av barn og vasking av klær,
må nok pent vente litt med blogging....men
ville dele med dåke eit lite glimt
av det som møter meg kvar dag,
på veg til og frå jobb....

Fantastisk flott dette treet til naboen,synst eg :)

lørdag 11. oktober 2008

Takk for kos bloggtreff jenter!!

SÅ kjekt å møte dåke-både de som har vore "i gamet" ei stund, og de som er temmelig ferske i denne verdenen ,nett som meg :) Snakk om mange kreative hyggelige damer på eit brett ! Skulle berre fått snakka meir med kvar enkelt av dåke! Hehe-trur mange som var på Zupperia i dag fekk med seg at det var eit kjekt treff av noko slag ;)
Det blir definitivt fleire treff for min del-og da får vi mingle enda litt meir :) Gler meg særlig til å lese bloggene til dei eg snakka mykje med, og til deg som ikkje heilt hadde våga å legge deg ut på NIB enda.. You can do it!!


Ei særlig takk til LivElin i Husrom&Hjerterom for den hyggelige shoppingturen etter treffet ;) Så mykje fint vi fann! Jada, klarte å bruke opp omtrent heile shoppingbudsjettet for oktober- men då fekk begge barna nytt Janus ullundertøy, og mannen min, heldige han, fekk ..........
-ei ny lyseblå STELTON kaffekanne.. Gjett om han vart glad :) OK då, den var vel mest te meg sjøl den òg. Men så ønska eg meg ei i over to år no, og vi fekk 500 i pengegåve til bryllupet fra ei god veninne av meg :)

Skal ta bilder og legge ut seinare, no skal beina få ein vel fortent kvil på bordet og tvkosen starte her.. Nokre glimt frå min opplevelse av treffet får du her :


Nydelig mat og god plass! ..Sjølv om eg ikkje klarar å huske ka denne suppa heitte.. Men det var ei thai-suppe med kokosmelk, og smakte himmelsk godt! For ikkje å snakka om dei flotte fargane-haustsuppe!! (Jada eg e ny her-ALT, skal bloggast om :)

Fint i denne byen vår om hausten òg :)


fredag 10. oktober 2008

Loppefunn av den søte typen :)


Øverst; Søte kopper merket Noritaker Ivory China..

Under; Kopper merket StavangerFlint

Tekanne merket Rolf og FiggjoFlint..Søte dessertskåler uten noe merke:)

Og til slutt ønsketing fra Greengate,du trykker på bildet for å sjå det større,

viss eg fekk det til då:)

Ha ei god helg alle saman!

Til dei av dåke som skal på bloggtreff i Bergen i mrg! Sees snart!

torsdag 9. oktober 2008

Små og store gleder ;)

Dagen i dag har vert meir enn hektisk-ja igrunn heile veka..

For deg som orker lese detaljene; Fulle jobbdager, mandag Ikeatur og skruing av skap om kvelden, tirsdag legetime(meg selv), onsdag foreldremøte i barnehagen for begge barna-stor takk til onkel og tante som stilte som barnevakt her heime! Møter etter og i arbeidstid, forberedelser til vikarer og idag røntgen på lillemanns hofter. Det ser veldig bra ut,heldigvis.

Godgutten fekk alt han peikte på i dag, av si mamma med ny lønn på konto og so glad for at han var so flink og for at alt ser bra ut:) Han er no stolt eigar av ny Lynet McQueen bil og blad, nye smokker-sjølv om det snart er på tide å slutte.. Vi fekk pusse tennene ekstra godt i kveld pga all yogurt, kakemenner, sjokolade og riskrem han har spist i dag.. Storesøster som tolmodig og flink sa hadetbra til oss då vi gjekk frå barnehagen måtte jo og få ei lita gåve-prinsesser-blad med klistremerker! Og mannen i huset har fått vin og whiskey, fordi han er so barsk, snill og grei..smisk smisk!

-JADA DET LIGG EIT ANNA MOTIV BAK, eg innrømmer det.. Då vi var ferdige på sjukehuset i dag var det nemlig reint so altfor tidlig å hente søster i barnehage eller dra heim og lage middag-så ho mor sjølv unnte seg ein liten kikk på nye høst og julevarer i eit lite knippe av Bergens spreke interiørbutikker;


Her ser de kva som fekk bli med oss heim:



Sett med 3 nydelige Greengate metallbokser, og 2 skjønne fyrstikkesker,Rice,
fra Berthas Oldebarn på Sletten Senter..



Vakker telysestake fra Hilmers Hus på Fantoft, med fransk skrift..





Nye knotter i porselen til det nylig oppførte Billyskapet fra IKEA.. fra Hjerterom på Sørås





Nytt julemagasin fra KK måtte og få bli med heim..saman med siste utgave av
Bladet Mamma. med flotte mamma Henriette på framsida, tenker det e nokre pappaer som òg vil lese dette nummeret, hehe :)

Ha en fin kveld alle sammen!!