onsdag 30. september 2009

Gøy at NIB ville vise innlegget mitt :)


Her er eit bilde av heimen vår, det er ein collage frå salgsdokumentet frå då vi fann det vesle drømmehuset & hagen :) No er furuveggane inne blitt perlegrå, utsida som no er raud kjem til å bli svart eller brunsvart med tida, kanskje alt neste sommar?


I dag fekk eg ei hyggeleg overrasking då eg stakk innom bloggen so smått. Koselig innlegg fra minmill, som likte stoveoppussinga mi som låg ute på NIB sida.. Oj-måtte skynde meg innom NIB og sjå sjølv! So koseligt de skriv jenter! Takk for godorda!



Her er ein link til innlegget for deg som hadde lyst til å ta ein kikk ;)

So gøy å få vise fram det hardt tilkjempa resultatet, og veldig kjekt med skryt for arbeidet, sjølv om det jo er beløning i seg sjølv å kunne setje seg ned i ei lys og fin stove ein trives i, med tekopp og godt lesestoff (interiørmagasin sjølvsagt..) :) Helsing i høstkvelden frå IngridMarie


tirsdag 22. september 2009

Glimt frå kjøkenet.


Synst det er so fint å pynte skapkanten med blonder-har vore so heldig å få to ruller med heklede blonder frå barnas oldemor på snart 90 år. Imponerande! Lurer på om dei vert festa til gjestehåndkler eller brukt som hyllepynt.. Akkurat no pynte dei to blonderullane opp i bokhylla :)

Mange herlige koppar og kar, ma Clupea eller fiskemønsteret til Figgjo Flint. Er so heldig at eg har arva fleire serveringsfat mm av det mønsteret, so det kan eg nyte heime også.



I sommarhuset er det, utrulig nok, kjekt å vaske opp :) Det er noko med roen og den gode tida vi har, som gjer at å stå med oppvasken har ei heilt meditativ virkning på meg :) I motsetning til her i heimen ellers i året-der det som ikkje går i oppvaskmaskina sjeldan vert brukt. Hm.

torsdag 17. september 2009

Svigerfamiliens vakre sommarheim..

Hovedhuset er malt i tradisjonell Falurødt-det er tørt stov, som kan farge av på tøyet.kremt..

Frå Wikipedia: Falurødt er et pigment som har vært mye brukt i Skandinavia for utvendig maling av bolig- og uthus. Fargen har navn etter den svenske gruvebyen Falun, der pigmentet har vært produsert siden 1500-tallet. Pigmentet framkommer ved at kopperholdig malm fra Falun gruve forvitrer over lang tid. Forvitringsproduktet brennes og males til pulver. Foruten kopper inneholder pulveret jernoker, kiselsyrer og sink, og har derved en konserverende virkning på treverk.
Tradisjonelt har pigmentet inngått i
komposisjonsmaling, men brukes også i linolje- og alkydmaling.
Fargen er den mest brukte utendørsfarge på den svenske landsbygda. Fra 1500-tallet var den røde husfargen et tegn på velstand og ble først og fremst brukt i byene, men fra 1800-tallet ble den allemannseie og erobret landsbygda, samtidig som en i byene tok i bruk lysere oljemalinger.
Nærmeste
NCS-kode er S 5040-Y80R.

Nydelige blondegardiner og broderte dukar. Kun skog so langt du kan sjå, men badestranda er ikkje so langt unna :)

Parti frå hovedstova, merk den flotte oljelampen!

Morahester i fleng-huset ligg ikkje langt unna Mora, med vakre innsjøen Siljan.


Nærmaste småby heiter Vansbro-her er det eit flott gammalt damplokomotiv som ungane er svært begeistra for.. Ikkje eigentleg lov å klatre her, men det hadde dei altso klart medan vi kjøpte is... Heldigvis kom dei trygt ned att.


Flotte villabebyggelse i Vansbro, litt Villa Villekulla over dei. Forventer nesten at Pippi Langstrømpe kjem klatrande ned frå taket...

torsdag 10. september 2009

Sommerhusets nostalgiske vatt-tepper..




Tida strekk ikkje alltid til-og eg har enno mange bilder å vise frå i sommar!
Her får du eit glimt av nokre av dei nydelege tekstila vi omgir oss med i sommarhuset i Sverige. Ekte 70-tals, teke godt vare på av svigermor:) Skal lage eit eige innlegg frå huset snart!





På veg til Sverige tok vi oss tid til nokre dagar i fantastiske Trondheim! Gode minner frå studenttida!


Vakker solnedgong over Munkholmen.


Det går mot helg og vi gler oss til teaterforestillinga Mascerade (Holberg..) med Hjelmeland og Jordal, hotellovernatting i sentrum og god mat&drikke ;)




God helg !

onsdag 9. september 2009

Gratulerer til bursdagsguten med 09-09-09

Flotte gutane!




Sender ei helsing til bursdagsgutenV og mammaM og gratulerer med dagen-vi gler oss til å feira på søndag! Gåva er kjøpt! Klem frå tante

tirsdag 8. september 2009

Hauststorm og innekos!


Det bles kring hushjørnene og regnar sidelengs på Krokeide i kveld.. Vi varmar oss på gode sommarminner, tenner stearinlys og kosar oss med bøker og pledd i sofakroken:)

mandag 7. september 2009

Nydelige haustfargar !



Det er aldri kjedeligt i hagen-noko nytt heile tida!

fredag 4. september 2009

Stiklinger av Pelargonia Dronning Ingrid


Da kan eg endelig vise fram dei blomstrande pelargoniaene mine! -Dei som vart kjøpt på Stend Jordbruksskole sitt utsalg i sommar som små stiklingar utan knoppar eingong, har no vakse seg svære :) Nydelege blomster hadde dei fått i sommar! No regnar det slik i Begen at eg er redd dei rotnar på rot, bokstavleg talt. Kjem til å ta fleire stiklingar av dei før eg set dei mørkt og tørt for vinteren.





Håpar at riktig mange klarar seg og kjem med nye knoppar & blomar til våren att! Viss dei klarar seg gjennom vinteren har eg gjerne stiklingar å dele då, om nokon er interessert er det berre å gje ein lyd :)


tirsdag 1. september 2009

Røros09




Nydelig arkitektur, Røros -sommeren 2009

Vakraste blåfargen..

Nydelege koppar & fat, handbrodert duk, florlette gardiner og vakrastre blåfarge på veggane..Frå besøket på Steffogarden på Ona, du kan sjå fleire bilder i forrige innlegg :)