mandag 23. mars 2009

Vår i lufta..jippi!

Slik står krokusane i hagen no om dagen, i selskap med klosterklokker og snøklokker. Lufta smaker av jord og liv -eg pustar djupt inn før eg set kursen mot sentrum & jobb:)

Klosterklokkene er litt større enn snøklokkene, og med litt grønt i klokka. Nydelege!



So er eg blitt sopass urban med åra at eg og nyt nærheita til byen, her representert ved ein bedre KaffeMokka på ein av byens mange kaffibarer :)

Då var ei ny veke i gong- NYYt våren og at det er lysare om kveldane, tenk det er ikkje lenger mørkt når vi kjem heim frå jobb & barnehage! Kjenner likevel at alt eg skal rekke held på å sette seg i skuldrene, prøver å vere obs,strekke ut og senke skuldrene, men det er ikkje lett å lære det av seg.. I morgon skal eg heile dagen på kurs og lære "Korleis ein kan bruke resirkulerte materialer til kunst og håndverk"! Det blir jo kjekt! Etterpå skal eg rekke å hente påskebestillinga til jobben på "Bergen lek og fritid", før eg spurtar avgarde og rekk barnehagen, vonleg ;)
Ynskjer deg( og meg sjølv) ei god og stressfri veke!

onsdag 4. mars 2009

Ny skatt i samlinga mi





-Kom over denne tekanna på Fretex ved Laguneparken i Fana,Bergen. Ho fekk gjerne lov å bli med heim ja.. Ho er frå Egersund, har eit bittelite skår ved tuten, men det synst eg berre er sjarmerande;) Veit ikkje heilt kor gamal ho kan vere? Kanskje nokon der ute eig ei liknande? Og veit noko om henne? Eg synes teksten var so flott-lurer på om det kan vere eit te-merke? Då skal eg lage meg ein kopp med herlig Pukka-te. Dei kan varmt anbefalast! Min favoritt er denne her; Detox med smak av anis,fenikkel og lakris.mmmm


tirsdag 3. mars 2009

ut(inn) på (ski-)tur- berre litt sur..

Barna har endelig fått seg ski!! Tante og onkel kom på besøk frå Ålesund & hadde med seg avlagte ski & stavar frå sine små, som er blitt store! Hurra! No kan vi ut på ski alle fire!! Skisko fekk eg til begge to på Fretex til 45 kroner paret, og då var det veldig fint brukte sko. Stor var skuffelsen då vi vakna til heilt snøfritt Bergen morgonen etter. Eg visste ikkje anna råd enn at dei fekk spenne skia på og gå runder rundt spisebordet :) Stor suksess!


Veslebror rundar spisebordhjørnet med stil. Kjemping i tet, kven kjem seg først i mål på kjøkenet?
Appelsinpause måtte til når ein er på tur, enkelt og greit, rett inne på kjøkenet, med skia på:)


Her er oppvasken blitt foreviga, det er dekketøy i plast frå Indiska, kjøpt i Åsane, Bergen.


Og denne vakre blomen kom bror min med-imponerande at han hugsa at det var Ranuklar eg hadde til brudebukett. Takk Bro!