mandag 16. mai 2011

Heimelaga is til 17.mai?!



Det nærmar seg nasjonaldag med raske steg! Og 17.mai feiring og is høyrer saman som hand i hanske! Om det blir sol eller regn i morgon, is må ein berre ha!! Du kan lage denne her, som eg fann hjå Tine, eller gjere som meg og kjøpe ferdige kroneis på butikken ;) Ikkje heilt same stasen, men med baby i huset vart det kjøpeis i år, med veldig god samvittighet ;) God 17.mai til liten og stor, med masse is, pølse, rømmegraut og KOS!

fredag 6. mai 2011

Løvetann; bli glad i dei-eller kjempe imot!?

Etter å ha ignorert dei små gule nøsta i heile fjor sommar, oppdaga eg plutselig at dei kikker fram OVERALT i hagen i år... Hm. So no hadde eg valgets kvaler om eg skulle bestemme meg for å like dei, eller ta opp kampen...Synst jo eigentlig dei er koselige, iallefall når dei blir plukka av ei lita lubben barnehand,og gitt til mor :)








Men det er jo synd om dei tek næring frå alt det andre vakre som veks i hagen! So i vår har eg gått for å spa dei opp med rot! Med verkande rygg og vannblemmer i hendene som resultat, men du verden kor terapautisk det virkar å sjå at det minkar på dei!

Bursdag i huset!









Da har vi fått oss ein 5 åring i huset :) 5-årsdagen vert feira med besøk fleire dagar til ende! Dagens Transformer-kid har sjølv bestemt kakesortene og vore med på bakinga. Koselig fest & fornøyd gut!

onsdag 16. mars 2011

kaffidrømmer!


Hvis eg hadde vunne i lotto, so skulle litt av gevinsten gått til å kjøpe denne her..

eller kanskje denne?



eller..


kvifor ikkje denne:


Noko må eg jo kunne unne meg når mannbrann har fått kjøpe seg dette :)














Du kan jo finne din eigen favoritt her: http.kaffemekka.dk





fredag 4. mars 2011

Kjøkken-gleder!




Vi er so heldige at vi kvar sommar kan reise til familiens sommerhus ved innsjøen Siljan i Sverige. Der bur vi i ei gammal jernbanestove, hentar vatn i brønn, vaskar klede for hand utandørs og badar i herligt ferskvatn. Kjøkenet er i nostalgisk stil, du kan bake i den vedfyrte bakaromnen, eller koke kaffi på gassomn. Heile staden har ei slik ro over seg. Det er til og med kjekt å vaske opp her! Nyt bilda og drøm deg bort du og :)






Gøy å få vere med og trekke opp vatn!

fredag 4. februar 2011

Kjenner du tapetet?


Vi er på jakt etter retrotapet til gangen vår, og eg liker veldig godt denne , som dei har på veggen på cafeRetro på Nordnes i Bergen.. Meiner å h lest at den har vunne ein pris eller noko, denne tapeten.. Skulle gjerne hatt navn for ev å finne ut om det er mulig å bestille på nettet. God helg til deg!

mandag 24. januar 2011

Den store barnedåpen !

So var minstejenta vår døypt!
Ein fin og minnerik dag
- med slekt og vener samla til fest.
Her er nokre små glimt;

Dåpskjolen har søstra mi sydd, og alle våre tre barn er døypt i same kjolen :)



Dåpsteppet, som vi er so heldige å ha i slekta, er sydd i Hardangersøm, og det har underteppe i blått og rosa, slik at det passar til både jenter og gutar.. Det er tett mellom fødslane & dåpane for tida :) Nevøen min vart døypt 14.november, so vår jente den 2 januar, og niesa mi skal døypast i februar-so her går det unna :)



Planen var å lage dåpskaka sjølv, men etter mislykka forsøk med å få heile ringar ut av formene, fall valget på denne fra Hardanger Bakeri. Eg gjer ikkje opp-har fått tips om å spraye ringane med fett, og drysse på mel.. då skal ringane berre dette ut av formene..


Heldige jenta som fekk mange fine helsingar til dåpen.