torsdag 1. juli 2010

Superglad !

Snille snille bloggeren på VÅRGLAD, har teke av si tid til å hjelpe meg!

Ho har kopiert opp bruksanvisninga til symaskina si (320, med same manual som denne 310) & sendt henne til meg i posten! Hjarteleg takk!!

Eg har alt funne ut, etter berre 10 min, at eg har A. tredd feil. B sett holdaren for tråden feil veg..C ikkje forstått at knappen for å skifte søm IKKJE skal trykkast inn for å skifte søm.(Trudde kanskje den var ødelagt..) D. sett holdaren for undertråden feil veg..

Hehe. so denne trong eg verkelig :) Til mitt forsvar; Har jo sydd eindel på maskin, men då kun på ei enno eldre Bernina-maskina (som tilhøyrde farmor mi), og den er heilt ulik på dei fleste innstillingar og utformingar.. Dei andre maskinene eg har møtt i jobbsamanheng, 20 år gamle Husquarna, er og ganske ulike..
No treng VÅRGLAD hjelp, med litt teknikk for skifte mellom ulike maler-og som de har forstått er ikkje teknikk mi sterkaste side.. Ber derfor om at denne gode hjelparen min kan få hjelp tilbake,av nokon her inne som kan slikt! Glad og takknemlig helsing frå IngridMarie, her i gong med prøvesøm på maskina :)




1 kommentar:

  1. Så kjekt at du fant ut av det, og at maskinen din ikkje var ødelagt:) Det er ikkje så enkelt å forstå seg på alle dei små tingene som MÅ vera heilt rett på ein symaskin, når du er vant med ein annan maskin frå før. Har hatt nokre kampar med min maskin eg også, men har alltid vunne til slutt:) Eg får ta opp kampen med bloggen min og, og ikkje gje meg heilt. Det er jo bare å begynna på nytt egentlig, det var bare det at eg hadde brukt så mykje tid, så det kjekkaste hadde vore om han bare poppa opp igjen, slik han var:)
    Lykke til med syinga, og ha ein fin sommar:)

    SvarSlett