tirsdag 19. mai 2009

Fretex-funn & noko heilt nytt!



Fekk auge på dette vesle serveringsfatet frå Figgjo-Victoria design, og det måtte få komme heim.. Det gav eg 35 kroner for på Fretex Lagunen.

Hugsar ikkje om eg har vist desse før, kom over dei på ein fantastisk butikk på Moa Storsenter i Ålesund, butikken som har alt du kan drømme om heiter Tante Bruun, og er du på dei kantar må du unne deg ein tur dit!! (Ligg nær inngangen ved Polet..) Likar Helgen-motiva på desse lysa so godt. Velkommen-skiltet er kjøpt på Hjerterom her i Bergen.



Dette fatet frå Figgjo fekk eg på Fretex for kun 20 kroner-det er noko falma i glasuren men det synst eg gjer det vakkert..



Tea for one-settet frå Laura Ashley måtte eg gje 60 kroner for, men den var berre so nydelig... Du løftar kanna av nedre delen, som er ein stor tekopp..





Lillebror har og sans for estetikk- dette stillebenet laga han ute i hagen, men favorittane: Metallkoffert med haimotiv frå BLAFRE, leikesag og skjærer, bøtte og spade og tåteflaske med Albert AAbergmotiv..


Skulle berre ha hårklemmer til storesøster då eg plutselig kom ut av Acessories med denne vakre vesle portemonnien og nøkkelknippe med krystaller.. Veit ikkje heilt kva som skjedde der, men fekk akutt behov for begge. Hmm..




Storesøster har også fått koffert frå BLAFRE, rosa, med vakkert reinsdyr/Bambi på.


Jada. Eg innser at eg nok har anlegg for å bli shoppoholiker, men likar tanken på å gjere gode kjøp, so det er ikkje store summar som går med iallefall :)

5 kommentarer:

  1. hei :) so kjekt du vil vere med på konkurransen min :)

    masse fint du har kjøpt deg :) eg har fått dilla på bruktbutikkar etter at eg begynte å blogge og oppdaga at det faktisk ER ein bruktbutikk i sentrum :)

    Klem M :)

    SvarSlett
  2. Det Figgjo servise er helt utrolig, har sett det i andre blogger og har falt pladask! :-) Heldige du!

    SvarSlett
  3. Du er flink til å finna det vakre både blandt det nye og gamle!Klem M&M

    SvarSlett
  4. Her var det jammen mykje lekkert, både nytt og gammalt! Slike helgen-lys har dei òg på Patina (www.evanger.net), der eg ofte er innom når eg fèr forbi. Har faktisk to på kjøkkenet mitt :)

    Må sei som den anonyme over her - du er flink til å finna det vakre!

    god langhelg!

    SvarSlett
  5. Gillar verkligen tea-for-one kannan! Superfin med blommotivet. 60 kr var inte dyrt för en Laura Ashley.

    SvarSlett