Vi kosar oss med bær om dagen -Her har eg brukt heile frosne bær som isbitar-godt og kaldt i glaset! Servietthaldaren er frå Plantasjen.-Brikka er frå KID interiør og kosta 20 kroner for to :)
lørdag 25. juli 2009
Gode tilbud på hagemøblar om dagen!
søndag 19. juli 2009
Før & etter, bilder frå huset :)
lørdag 18. juli 2009
"English tea-time" på Håheim Gard&Tysnesfest!
Enno eit innlegg frå meg utan at eg har ferdig stove å vise fram.. Sukk, det tek si tid, 4 strøk, med grunningstrøket, måtte til før vi vart fornøyde, og kvistane skjult.. Men håpar å kunne vise fram bilder snarlig, det tek på å bu med to store og to små i eit hus prega av malingsflekker, redskap som ungane IKKJE må få tilgong til, møblar frå stova flytta rundt omkring alle andre stader i huset for ikkje å søle maling osv. Men so blir det fint no då!! Hehe. Storesøs synst vi hadde fått det SO FIIINT! på badet, med alle blomane som for anledningen var flytta dit. Kunne godt ha stått der permanent for hennar del :)
Vi har hatt ei flott frihelg med familie og vener på Tysnes-og fekk oss ein smakebit av folkelivet på Tysnesfest ;)
Eg vart beden med på foredrag på Håheim Gard, om etikette rundt det klassiske engelske te-selskap , frå eit historisk perspektiv. Interessant å få kjennskap til utvikling av tradisjonen innan "de penere" samfunnslag, kjenneteikn ved ulike kanner og redskaper-visste du blandt anna at tekannetuten alltid skulle vende MOT vertinna, og hanken frå henne, fordi ho aldri skulle sjenke teen sjølv, det hadde ho jo folk til å gjere :) Fekk dessverre ikkje med meg heile foredraget på grunn av denne vesle karen her, som ikkje ville sove i vogna likevel;
Vår vesle rakkergutt puster ut etter springetur rundt på Håheim Gard.
Mykje godt å finne ute i den hemmelige hagen også om dagen, vi et bær og is so vi nesten sprekk. Måtte nesten le då eg kom på butikken i dag og såg at dei solgte bringebær til 30 kroner for 125 gr, vi som raspar med oss fleire koppar om dagen frå hagen. Det blir litt billigare ja :)
tirsdag 14. juli 2009
Bli med på konkurranse! Mi frøken Markblomst; Tiril Tistel
Min deltaker til konkurransen er som alltid seint ute.. Puh. Men ho dukka so stilferdig opp då vi var ute på søndagstur. og eg skjøna straks at her var ho! Min kandidat til frk.Markblomst inne hjå Anne på Moseplassen er so flott der ho står, omkransa av slekt i alle aldrar..

Hør berre her om alle gode eigenskaper tistelen skal ha ;
En bolle tistler plassert i et rom letter humør og stemning for alle i rommet. Bær en tistel for økt styrke og energi. Tistler i hagen holder tyver unna, i en potte ved døren beskytter den mot ondt og vokter over bæreren om den bæres i lommen. Den hindrer lynnedslag om den kastes på ilden. Klær vevd av tistelfibre brukes mot forbannelser/forhekselser. Og andre formularer. Dokker fylt med tisler fungerer også til dette. Tistler strødd i hjemmet og andre bygninger, beskytter mot ondskap. Tistelen har også helbredende effekt, og menn blir bedre elskere av å bære den med seg. Dessuten vil bæreren få utdrevet sorg og melankoli.
Alt teoretisk innhold fra Mannars temahefte 2001 © Cecilie Faureng med modifikasjoner
Hør berre her om alle gode eigenskaper tistelen skal ha ;
En bolle tistler plassert i et rom letter humør og stemning for alle i rommet. Bær en tistel for økt styrke og energi. Tistler i hagen holder tyver unna, i en potte ved døren beskytter den mot ondt og vokter over bæreren om den bæres i lommen. Den hindrer lynnedslag om den kastes på ilden. Klær vevd av tistelfibre brukes mot forbannelser/forhekselser. Og andre formularer. Dokker fylt med tisler fungerer også til dette. Tistler strødd i hjemmet og andre bygninger, beskytter mot ondskap. Tistelen har også helbredende effekt, og menn blir bedre elskere av å bære den med seg. Dessuten vil bæreren få utdrevet sorg og melankoli.
Alt teoretisk innhold fra Mannars temahefte 2001 © Cecilie Faureng med modifikasjoner
Frøken "Tiril Tistel " byr altso på mange gode egenskaper, men som alle primadonnaer bør du halda henne litt på avstand, ho er ikkje god når ho vert vrang og set piggane ut :) Først og fremst gleder ho mange med sine vakre lilla nyanser der ho står i grøftekanten og skin.
Denne vakre blomen vaks tett ved Tiril tistel, og eg trudde det var ein tistelvariant i litt anna nyanse, men det er altso ein knoppurt :) Ho får heita Kajsa Knoppurt-sjølv om ho ikkje er med i nokon konkurranse ;) Her er heile familien samla:
onsdag 8. juli 2009
Oppussing, fuging & kule fugleplakatar
Var so heldig å få desse flotte plakatane med på kjøpet då eg flytta saman med mannbrann :) Han hadde to av desse frå studietida med på flyttelasset. Den siste, med hagefuglar,har eg fått med meg frå min tidlegare arbeidsplass då denne skal leggjast ned :( Trist, trist, men avgjerda er anka av bygd og foreldre-so vi håpar enno på at skolen får gjenoppstå!
Det går sakte men sikkert framover med oppussinga, trass i det som sikkert er blitt betennelse i begge skuldrer.. Men paraset og godt humør, og godt lagarbeid hjelper godt på stemninga i heimen :)
fredag 3. juli 2009
Da er eg tilbake -med nye bilder :)
Har endeleg fått i hus det nye kameraet, Nikon sitt d60, etter å ha ynskt meg det i lengre tid, og dei siste vekene vore utan kamera. eller er det kun EI veke? Føles leeenge, synst eg. Gode fotomuligheter på rekke og rad, nett når ein ikkje har kamera sjølvsagt..
Denne vesle karen ligger og trykker i buskane i hagen om dagen :) Litt kitch over han, men berre måtte ha den, du kan få tilsvarande på Nille for eit par hundrelapper eller so..
Sommargåve frå foreldre og elever, med koselig helsing og takk for i år, står og pryder spisebordet, innimellom masse oppussingsrot..
Med nytt kamera opnar det seg jo masse nye muligheter, går litt amok med kamera om dagen ja, men synst dette bildet av Kosipus vart bra,godt kamuflert mot bergveggen -er glad eg ikkje er mus!
Rosene blømer i hagen-denne sorten er vakker å sjå på, men det beste er at ho luktar heilt himmelskt! Ps. Ser ut som det er lus på planten, det hadde vi i fjor, men fekk økologisk tips om å sprøyte med lettmelk i sola, og det fungerte! Desse små kvite flekkane er derimot frø frå nokre andre planter i hagen som festa seg på nær sagt alt..
I sommervarmen går det fort med vekst og modning, og den bittelille ripsplanten har alt små raude bær. Vaniljeis og ferskplukka blåbær & rips fra hagen er supert til nedkjøling :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)