lørdag 18. juli 2009

"English tea-time" på Håheim Gard&Tysnesfest!


Enno eit innlegg frå meg utan at eg har ferdig stove å vise fram.. Sukk, det tek si tid, 4 strøk, med grunningstrøket, måtte til før vi vart fornøyde, og kvistane skjult.. Men håpar å kunne vise fram bilder snarlig, det tek på å bu med to store og to små i eit hus prega av malingsflekker, redskap som ungane IKKJE må få tilgong til, møblar frå stova flytta rundt omkring alle andre stader i huset for ikkje å søle maling osv. Men so blir det fint no då!! Hehe. Storesøs synst vi hadde fått det SO FIIINT! på badet, med alle blomane som for anledningen var flytta dit. Kunne godt ha stått der permanent for hennar del :)


Vi har hatt ei flott frihelg med familie og vener på Tysnes-og fekk oss ein smakebit av folkelivet på Tysnesfest ;)
Eg vart beden med på foredrag på Håheim Gard, om etikette rundt det klassiske engelske te-selskap , frå eit historisk perspektiv. Interessant å få kjennskap til utvikling av tradisjonen innan "de penere" samfunnslag, kjenneteikn ved ulike kanner og redskaper-visste du blandt anna at tekannetuten alltid skulle vende MOT vertinna, og hanken frå henne, fordi ho aldri skulle sjenke teen sjølv, det hadde ho jo folk til å gjere :) Fekk dessverre ikkje med meg heile foredraget på grunn av denne vesle karen her, som ikkje ville sove i vogna likevel;


Vi hadde det herligt og kjølande inne i kjellaren, som er gjort om til selskapslokale, og kafè med fantastiske gode kaker.. Vart litt forstyrrande for meg med ansvar for ein liten kar som kravla innimellom dyre og skjøre tekanner og koppar, so vi gjekk heller ut og sprang litt i hagen. Her må seiast at vertskapet har gjort ein formidabel god jobb med opparbeiding av hagen, fasinerande hage med innslag av engelsk hageskikk -midt i ein ellers typisk vestlandsgard! Nydelige små stiar, urtehage, skyggefulle trær med sitteplassar under, planting av hekkeplantar som med tida skal danna labyrint mm. Ute måtte vi faktisk trekke inn i skyggen under trea, skikkelig sommarvarmt på Tysnes om dagen.
Vår vesle rakkergutt puster ut etter springetur rundt på Håheim Gard.
Mykje godt å finne ute i den hemmelige hagen også om dagen, vi et bær og is so vi nesten sprekk. Måtte nesten le då eg kom på butikken i dag og såg at dei solgte bringebær til 30 kroner for 125 gr, vi som raspar med oss fleire koppar om dagen frå hagen. Det blir litt billigare ja :)


Jordbær frå krukkene til mor seier vi heller ikkje nei takk til.



Eller blåbær.

Ynskjer dåke alle får nyta gode sommarbær der de er, godt smakar det, anten de finn dei i hage eller butikk :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar