søndag 18. oktober 2009

Nygammel kommode med speil..



Har leita lenge etter eit sidemøbel til soverommet, der eg kan legge frå meg bøker og briller, ha sminke og pyntesaker ståande framme, belter og smykker lett tilgjengeleg mm. Hadde sett eit på Ikea som eg eigentleg hadde bestemt meg for å kjøpe..


Hemnes med speil



Men so vart eg usikker igjen, for denne likte eg jo og..







Malm sminkebord, IKEA
Hmm. Men planar er til for å endrast, og då eg var so heldig å komme over denne flotte kommoden med spegl på FRETEX i Laguneparken, visste eg berre at det var den eg leita etter. Dette er min nærmaste Fretex som eg nok er blitt avhengig av å kikke innom både titt og ofte :) Det var halv pris på alt av møbler denne dagen, so herligheten vart min for 150 kroner.

Speglen er heilt fin, og eg har lenge ynskt meg ein slik spegl som også viser deg frå sidene. Tanken var eigentleg å male den kvit og skifte knottar, men ein inspirerande artikkel om teakmøblar i Rom 123 nr 8 2009, om fotograf Inger Marie Grini sin flotte heim prega av gamle lopper og vakre arvegods i teak, fekk meg til å ville beholde den som den er..


Alt dillet mitt har endeleg fått komma fram frå boksar og skap..




..Mannbrann sin første reaksjon var eit høglytt "SUKK", over kva eg no hadde dratt i hus, men etter grundig vask, puss & dekor har han skifta meining og synst no at det er eit flott møbel som pynter opp på soverommet :) Ein liten seier, til stor glede for meg, tjihi :) God veke!

3 kommentarer:

  1. Når HAN er fornøyd også er vel alt bra. Kommoden var fin og praktisk - så hvorfor sette i gang med maling og diverse da?

    SvarSlett
  2. Neida, den blir ikkje malt, synst den er flott som den er ;)

    SvarSlett
  3. hej ville du sælge til malm sminkebord mvh maiken

    SvarSlett