onsdag 11. november 2009

Serveringsfat frå Stavanger Flint og søt vase.

Eg har vore fast gjest på Fretex i Laguneparken ei stund, og kjem slett ikkje alltid tomhendt ut dørene der. For å sei det mildt.

Litt tidlege bursdagsgåver til meg sjølv... (Då synst eg at det kan forsvarast at eg brukte litt meir pengar enn eg vanlegvis gjer på bruktfunn.) Fatet er nydeligt i beinkvit og svak svak gul, med gullbelagt dekor. Slike vakre fat frå StavangerFlint er jo heller ikkje noko du kan få tak i i ein vanleg butikk, og hadde ein kunna det so hadde det nok kosta meir enn 159 kroner :)





Blomevasen har ikkje noko stempel, so den veit eg ikkje noko om, anna enn at den er tung og med ein slipt blomst til dekor. Skal tru om det kan vera krystall? Det betyr no ikkje so mykje, det viktigste er at den er vakker & smal, slik at blomebukettar frå ungane passar perfekt ;)

4 kommentarer:

  1. Veldig fint serveringsfat. Liknar på Svigermor sitt middags-servise, som no er svigerinna mi sitt. Fin-fin gåve til deg sjølv dette !!

    SvarSlett
  2. Gratulera med dagen twin :))Kjekt å få bursdagsgåve som ein ynskjer;)Så fin malt katt og skjønne kosepusar som har flytta -mn dei får dt nok godt.STOR bursdagsklem frå SIS!

    SvarSlett
  3. Hei M! Takk i lige måde, skjønne du :)

    SvarSlett
  4. hei hei :)
    Ja, fjernadopsjon er kjempe supert når man ikke kan ha dem hjemme hos seg selv. Med allergi i heimen + å være dyre elsker, så må jeg bare gjøre noe jeg kan. Og det er å støtte de det jeg kan ;)
    Hatt en fin helg?
    klem klem

    SvarSlett