onsdag 3. mars 2010

Hurra-det kjem regn!


Ikkje akkurat eit typisk utrykk for ein vestlending, men so har jo heller ikkje denne vinteren vore som vanleg.. Men fleire naboar og vener som har levd i vekesvis med frosne vannrør, og iskalde hus utan fyringsmuligheter, er eg glad for at dei no melder regn-og mildvær! Om ikkje det vårast so mykje ute enno, so kan ein jo prise våren inne :)



Har kjøpt meg nydelege fyllte små narsisser, påskeliljer. Dei har ei utrulig god duft! Set dei inn om natta, av frykt for at dei skal fryse, og ut i vårsola om dagen.






Desse vakre blomane på amaryllis-planta mi er eg særs stolt over- det er ikkje so ofte eg får noko både til å bløme-og til å halda på blomane ei stund, innomhus!! Denne planten er kjøpt på Gardsutsalet på Stend Jordbruksskule- og det er stort sett plantar som kjem derifrå eg klarar å få til-dei er nok hardføre og sterke, og ikkje innom so mange stadar på vegen frå produsent til forbrukar :)





Det har byrja å smelte litt kring hushjørna, og eg gler meg til det kjem opp blomar frå alle dei hundrevis av løkane som forrige eigar har sett ned. Nokre satte eg sjølv ned i haust- vert spennande å sjå kva som kjem opp!



Og tenk,no viser kalenderen mars! -So trass i at vinteren held taket enno, er ikkje våren langt unna!

4 kommentarer:

  1. Me får håpe våren kjem no snart, ja. Men eg håpar den kan komme snikande og ikkje veldig brått, for når all denne snøen skal smelte, og det skal komme regnvatn i tilleg, ja då tør eg ikkje tenkje på kor mykje vatn som renn inn både her og der ;O)

    Vakre blomar!!

    SvarSlett
  2. Hei på deg! Fikk et tips fra din bror om at du også har blogg! Vi har besøk av H&H nå og det er veldig koselig! Håper alt står bra til med dere! Her venter vi på regnet også, slik snøen drar sin vei. Vi vil ha våååår ;)

    Klem Beate

    SvarSlett
  3. He,he..omtrent sånn var stemningen her også når det begynte å regne isted :)
    Det har dessverre gitt seg nå, men håper på mer..vil ha vår nå :)
    Flotte bilder som forsterker vårlengselen :)

    SvarSlett
  4. Ja, det vart nokre fine dagar med vår i lufta, det smelta kring husveggen og små krokus kikkar fram i beda, men i natt kom det meir snø... sukk. -Klart at mykje regn på ein gong er ikkje so bra, men godt at det smeltar unna! No vil vi ha vår!

    SvarSlett