tirsdag 27. april 2010

4-årsdag i huset :)





Mor sjølv var svært fornøyd då ho fann dinosaur kakepynt på lokalbutikken.. Ein klar favoritt!


Og like fornøyd gut ropa gledestrålande utover heile huset under gåveoppakkinga,til stor moro for alle frammøtte mammaer-Koppeseeeett!! No slepp han "låne" Storesøster sitt :)


Kaka har han pynta sjølv, med litt hjelp frå mamma til å dele bæra :) Jordbæra kunne nesten måla seg med norske, god smak og skikkelig jordbærlukt, dei var spanske og vart kjøpt på Coop for 12.90 for korga. Ikkje noko å seie på det.


Godguten fyller 4 år denne månaden, og klart det lyt feirast! Ikkje mindre enn tre festar vart det på han, ein med barn frå barnehagen her heime, ein her heime med venner og familie, og ein i barnehagen, med medbrakte minipizzaer. Snopefri barnehage er ein bra ting! -Men gjer at ein lyt tenkje litt lengre enn sjokoladekake når barna skal feirast..og i dag då vi drog heim frå barnehagen spurte han jammen om når han skulle feire bursdag hos Mormor? Prøvde å forklare at det ikkje var Storesøster sin bursdag vi feira hjå Mormor-men Påske!! Ikkje so lett å forstå desse samanhengane for ein liten, stor, kar. Ha ei fin veke!

5 kommentarer:

  1. Gratulerer med 4 åringen! No fikk jeg lyst på jordbærkake :) nam nam. Kos dokke!

    SvarSlett
  2. Ååååååååååhhh, dinosaurpynt! Så gøyalt! Husker du produsentens navn?

    SvarSlett
  3. Skal finne det ut når jeg kommer hjem :)

    SvarSlett
  4. Dinosaurpynten kjem frå gode gamle Freia :)

    SvarSlett
  5. Takk for kjempekoselig bursdagsfeiring!Og den flotte jordbærkaka smakte utruuulig godt- Go natt klem M :)

    SvarSlett