lørdag 26. juni 2010

Morgenstund..

Serviset frå Egersund-74 vart kjøpt på marked ved KarlJohansgt. i Oslo då eg var på jentetur-pruta meg greit ned i pris so det vart eit godt kjøp, og fullt i handbagasjen på heimattvegen.. Serviettane med traktormønster kjem frå Kremmerhuset.

Tidlig start på sommarens første feriedag, med sjuk veslebror som kom opp i senga vår klokka seks i dag tidleg, då ville han sjå barnetv, med 39,9 i feber, ristande og svettande... Ikkje kjekt. Men med febernedsetjande, god saft på drikkeflaska og barnetv vart morgonen ikkje so verst likevel. Fersk nykverna kaffi og Findus sine gode snurrar, frå frysedisken, til tining, og morgonavisa på mor. . Vi satsar på snarleg bedring og ynskjer god helg!

2 kommentarer:

  1. usj, ikkje kjekt når fyrste feriedag startar med feber! Håpar vetleguten kjem seg, og at de får gode feriedagar med sol og varme!

    God helg!

    SvarSlett
  2. Oi så fint service - sånn vil jeg også ha :)

    SvarSlett