mandag 21. juni 2010

Vi nyt årstida!

Tur utan barn, med bil & ferje rett nok, til vakre Baroniet i Rosendal, treff med venner og spasertur i baronihagen. God mat& drikke (laga av lokale råvarer) fekk vi i det nye, gamle, drivhuset. Absolutt ein "måhamedseg"- aktivitet i sommar!


Herlege dagar med sol og vind, tur med båten og grilling i strandkanten-sukk- kan ein ha det bedre?! Rett nok utrulig travle dagar på jobb, med planarbeid for neste skuleår, rydding av klasserom, tømming av hyller og skuffer, flytting av innventar til nytt rom, sortering av kva som skal takast vare på i permisjonstida mi, vurdering av kva som skal lagrast heime og kva som kan stå på jobb.... Litt for mykje bæring kjenne eg i rygg og bekken no ja, men so er det jo berre to dagar til ferie :)



Og heile tre fiskar fekk vi der...




Då vert det kvile i eit par dagar før vi tek fatt på oppussingsprosjekta : Flytte inngansparti på huset, lage garderobeskap i gang, skifte rekkverk i trappa, lage arbeidsbord på barneromma og sette opp nye hyller..

Puh-men kjenner at det skal bli kjekt å få det på plass! Sjølv om eg innser at eg nok må ta meg mest av barna, og la mannbrand ta dei tyngste løfta..



Is gjer godt i varmen ;)



1 kommentar:

  1. Åh, eg har så lyst til Rosendal! Sist eg var der var eg ikkje gamal nok til å setje pris på vakre omgjevnader, bygningar og rosehagar....

    Ser ut som de har gode dagar - og så får du passe på deg sjølv og magen sjølv om det nok er freistande å ta i eit tak både her og der :)

    SvarSlett