fredag 3. juli 2009

Da er eg tilbake -med nye bilder :)

Har endeleg fått i hus det nye kameraet, Nikon sitt d60, etter å ha ynskt meg det i lengre tid, og dei siste vekene vore utan kamera. eller er det kun EI veke? Føles leeenge, synst eg. Gode fotomuligheter på rekke og rad, nett når ein ikkje har kamera sjølvsagt..

Denne vesle karen ligger og trykker i buskane i hagen om dagen :) Litt kitch over han, men berre måtte ha den, du kan få tilsvarande på Nille for eit par hundrelapper eller so..
Sommargåve frå foreldre og elever, med koselig helsing og takk for i år, står og pryder spisebordet, innimellom masse oppussingsrot..


Med nytt kamera opnar det seg jo masse nye muligheter, går litt amok med kamera om dagen ja, men synst dette bildet av Kosipus vart bra,godt kamuflert mot bergveggen -er glad eg ikkje er mus!


Rosene blømer i hagen-denne sorten er vakker å sjå på, men det beste er at ho luktar heilt himmelskt! Ps. Ser ut som det er lus på planten, det hadde vi i fjor, men fekk økologisk tips om å sprøyte med lettmelk i sola, og det fungerte! Desse små kvite flekkane er derimot frø frå nokre andre planter i hagen som festa seg på nær sagt alt..
I sommervarmen går det fort med vekst og modning, og den bittelille ripsplanten har alt små raude bær. Vaniljeis og ferskplukka blåbær & rips fra hagen er supert til nedkjøling :)

3 kommentarer:

  1. Lite kitsch är aldrig fel!!! :-)

    Härliga bilder - så moro med ny kamera.

    Hoppas nu att du får en riktigt fin helg!

    SvarSlett
  2. Kjekt med bra kamera,og du er flink til å zooma inn detaljer!Klem 3V2M

    SvarSlett