onsdag 8. juli 2009

Oppussing, fuging & kule fugleplakatar


Var so heldig å få desse flotte plakatane med på kjøpet då eg flytta saman med mannbrann :) Han hadde to av desse frå studietida med på flyttelasset. Den siste, med hagefuglar,har eg fått med meg frå min tidlegare arbeidsplass då denne skal leggjast ned :( Trist, trist, men avgjerda er anka av bygd og foreldre-so vi håpar enno på at skolen får gjenoppstå!

Det går sakte men sikkert framover med oppussinga, trass i det som sikkert er blitt betennelse i begge skuldrer.. Men paraset og godt humør, og godt lagarbeid hjelper godt på stemninga i heimen :)


Her er stova strippa for møbler, bøker og maleri, klar for ein omgang med kvit grunning og sidan to strøk perlegrå-er midt i det arbeidet no, tek kun ein liten kaffipause med litt oppdatering her inne :)



Vi har planar om å beise trappetrinna mørke, men vi får sjå om det blir i denne omgang eller ei.


Flisene har lagt i vekesvis utan masse i fugene-det er no fiksa, endelig! Fint å sleppe å pirke opp fleire perler og småstein frå fugene..

Blir nok enno fleire runder med vaskekost, men det byrjar å bli bra.


Puh-skal straks legge ut bilder av den ferdige hemsen :)

Litt kos må til innimellom slaga - sender ei skål is med jordbær til deg!

2 kommentarer:

  1. Ja,no blir panelet lyst - kjekt med forandring!Klem M&M

    SvarSlett
  2. SÅ flinke de er, og det vert jo kjempefit!!! Trur faktisk me har same flisene i gongen vår. Er sååååå fornøgd med dei:)

    Lukke til vidare. Klem:0)

    SvarSlett