mandag 5. oktober 2009

Havfruen..eller fruen ved havet om du vil.

Dette er drømmebåten då, bortsett frå alt vedlikeholdet..

Vel, akkurat "havfrue" er vel ein sannhet med modifikasjon som det heiter, men frue er eg blitt og ved sjøkanten bur vi :) Og no har vi endeleg fått oss båt-og dermed utvida nærområdet vårt til å omfatte ufatteleg mange flotte strender, holmar og skjær, som berre ventar på at vi skal gjere strandhogg akkurat der ..


Dette er båten vår-akkurat det ein travel småbarnsfamilie treng!


Mange "nye"naboar har vi altso fått-drista meg til å ta nokre bilder av nokre som gjorde spesielt inntrykk på meg, med flott arkitektur og svært ulik grad av tilpassing til naturen ikring. Vi bur jo so nær sjøen at vi eigentleg har hus & hytte i eitt, men viss vi skulle hatt oss hytte ved sjøen kunne det gjerne vore noko som dette..




Tenk å få bu i ein slik koselig idyll..



Eller kanskje noko meir moderne, som dette?


Eller på ein heilt egen holme, slik som her?



Eller herskapligt, som her?


No har vi ein heilt annan radius enn før, då vi kun kom oss rundt med bil og der det går ferje. Eg kjenner at eg får ei ny forståing av begrepet "sjøvegen"! Tilgong til å ferdast på sjøen opnar sanneleg nye vegar, og får ein til å sjå på nærområdet på ein heilt ny måte!

2 kommentarer:

  1. Om eg kunne velje mellom hytte på fjellet og hytte ved ein fjord så er eg iallefall ikkje i tvil om kva eg ville ta. Og å ha båt tilknytta må vere heilt supert, enten det heiter hus eller hytte. Tippar de får mange fine turar med den, sjølv om det vel krever sin mann (og kvinne) å vedlikehalda den i tillegg til alt det andre ;)

    SvarSlett
  2. Så kjekt med båt - og å få utforske den flotte skjærgården rundt dåke.De er heldige- ta vare på dei gode stundene og kvarandre!Klem MOM

    SvarSlett