onsdag 5. mai 2010

Endelig -det gror i hagen :)



Det gror i hagen -blå klokkeblomst kjem trufast opp att der eg sådde i fjor,i krukker, og nokre andre stader der dei må ha spredd seg sjølve :)
Denne rosa veit eg at eg sette ned løk til i fjor haust, men hugsar ikkje navnet på den.. Nokon som kjenner den igjen?




Pelargoniaprosjektet mitt i haust (med å ta stiklingar av pelargonia) gjekk ikkje so bra- for å sei det mildt. Skulle nok heller berre hatt dei i stoveglaset... Går ut frå at vaskerommet vart for kaldt og fuktigt.. So difor har eg vore på Stend jordbrukskule igjen og fått nye planter av denne nyydelege rosavarianten; "Dronning Ingrid"(dansk utg) Karoline Bjørnson (norsk utgave) og Mårbacka (svenske utg).




Foreløpig bere eg dei inn i huset om natta og ut på verandaen om dagen, slik at ikkje nattefrosten skal ta dei. Ser at nokre av bladene er blitt blasse på farge, går ut frå at det har med temperatursvingingane å gjere? Kjenner at eg gler meg veldig til sommar no, men herligt med solfyllte vårdagar!


3 kommentarer:

  1. Så flott det spirer og gror hos deg!Den rosa blomsten er ein svibel (hyacint).Klem MOM:)

    SvarSlett
  2. Var litt rask....kan også vere ein Scilla campanulata (stjerneblomst),i og med at klokkene sitter litt spredt
    M ;)

    SvarSlett
  3. takk takk :) Håpar at du hadde ein super dag tilbake på jobb igjen :)

    SvarSlett