lørdag 27. juni 2009

Venter på min nye baby..Nikond60 :)


Lite blogging på meg i varmen.. Men er innom og les hjå dåke andre :) Det digitale canonkameraet mitt tok kveld for ei god stund sidan, og eg har vore so heldig å få låne eit heilt til no. Det vart levert tilbake på mandag, for no er eg berre dagar unna mitt nye Nikon d60, eit aldeles herligt digitalt speilreflekskamera, som ligg godt i handa og har alt av finesser eg treng.. Rett nok utan vr, men det har vel Nikon aldri hatt? Mannbrand har eit Nikon speglreflekskamera frå tidlegare, med god gamaldags film, og no kan vi bruke dei same linsene :) Gler meg til å ta fatt på fotografering igjen, savnar det alt! Vi nyt dei første dagane med ferie,is og sykkelturar med ungane, dei badar i plaskebasseng i hagen eller vi spaserer ned til stranda, grilling saman med vener og familie osv.. Herligt! Ellers so går det i førebuing til oppussing i huset desse dagane-skal kome att med bilder når kameraet er på plass :)

1 kommentar:

  1. Så flott med en ny kamera. Vill også ha en speilreflekskamera... :-)

    Och så skönt med ferie i dessa soliga och varma dagar. Själv ska jag jobba till slutet av august.

    Hoppas du får en riktigt fin helg! Och javisst må det väl bli en ny bloggträff i Beren igen!

    SvarSlett