søndag 27. juni 2010

Kjenner du denne?


Symaskin ha lenge stått på ynskjelista mi :)
Og no skulle skulen eg jobbar på ha maskinene inn på service.. Då reperatøren såg kva stand dei var i vart vi oppmoda om å byte ut gamle maskiner og invistere i nye.
200 kroner i inbyte kunne han tilby for dei gamle maskinene, og då sa eg at eg gjerne ville behalde ei privat. Og det fekk eg! Med løfte om service ved behov :) Ikkje det verste å bruke 200 kroner på :) Men då eg kom heim og skulle sy litt prøvesøm gjekk det opp for meg at eg ikkje kjenner denne modellen i det heile, og at eg gjerne skulle hatt ei bruksanvisning ! Nokon som tilfeldigvis har denne gamle modellen til Husquarna? SewEasy og 310 Electronic står det på ho. Viss ikkje nokon kjenner til modellen skal eg kontakte reperatøren og høyre om han har nokon bruksanvisning liggjande..
På førehand takk :)

2 kommentarer:

  1. Hei
    Eg har 320 modellen, og ser at bruksanvisningen gjelder for 310, 320 og 330. Kan gjerne kopiere og sende den til deg hvis du sender meg adressa di. Evt. scanne den og sende den på e-post.
    Så heldig du var som fekk denne for 200 kr., det må nesten vera eit lite kupp;) Trur eg betalte mellom 3 og 4 tusen når eg kjøpte min, og den syr fortsatt like bra. Ikkje dei mest avanserte finessane, men heilt grei til mitt bruk:)

    SvarSlett
  2. Heldige du!

    Jeg har vært borti dem som lærer, og stort sett vært trygg på at elevene kan få prøve og feile - maskinen tåler MYE og er ganske lett å bruke.

    Happy crafting!

    SvarSlett