lørdag 11. september 2010

Nydelege strikkaplagg til baby!

Eg puslar litt med tanken på å sy små søte barneplagg på den nye (men gamle) symaskina mi...Satsar på å få det til no i permisjonstida :) Hekling har eg og planar om å ta opp att .. Riktignok ikkje i lappeteppe-størrelse,eg innser mine begrensningar på handarbeidfeltet, men kanskje nokre retroinspirerte gryteklutar eller eit lite koseteppe til babyvogna..



Denne nydelege hentedrakta, frå tanteB si hand, hadde vesla på seg då vi drog heim frå klinikken torsdag kveld..

-Gjett om eg var takknemlig for at ultralyden vist rett kjønn! Ellers hadde guten fint måtte gått i denne, tjihi.. Neida, flotte drakter i babyblått har eg teke godt vare på etter Storebror..


Men når det gjeld strikking har eg det store privilegium å vera omgitt av familie &vener som bidrar med det eine vakre plagget etter det andre, særlig må her nevnast kjære tanteB som strikkar til alle barna i den etterkvart temmelig talrike storfamilien vår!! Hjarteleg takk!


Denne skjønne kjolen har vesla fått frå nabo JorunB






Frå mormor&morfar har vi fått dette flotte teppet frå Oleana, det ligg ho på på sofaen i stova og etterkvart vert det kose&krypeteppe for vesla.

2 kommentarer:

  1. Vesla mi har samme kjole med hjertene på!! Masse flotte gaver dokke har fått! Og GRATULERER so mykje med lisjetausa!!! :)

    SvarSlett
  2. Fyrst av alt: tillukke med ei ny lita prinsesse! Vakker og våken, og med nydelege henteklede. Mi minste fekk eit Oleana-teppe i dei same fargane til dåpen sin, og det har vore kjempefint å ha både i vogn og seng. Nyt dagane med nyfødd i hus - plutseleg er dei borte!

    SvarSlett